mini|Den gamle treeiningskyrkja frå 1836 vart riven då den noverande vart bygd. Trefoldighet kyrkje (Trefoldighetskirken eller Treeinigskyrkja) er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.

Dette er den tredje hovudkyrkja for Arendal — og den tredje som er vigd til treeininga. Kyrkja er eit landemerke på Tyholmen og har eit tårn som rager 87 meter i været. Krossarmane (tverrskipa) er breie, men nokså korte, og kyrkja kan for mange sjå ut som ei langkyrkje utanfrå. Sjølv om Christian Fürst vert kreditert som arkitekt for kyrkja, vart mange av detaljteikningane og det meste av interiøret teikna av Egon Schmüser, som var studiekamerat av Fürst, og som hadde rollen som byggeleiar.

Som sokkel for kyrkja i det bratte terrenget er ein basarhall. Det har gjennom åra vore store problem med frostsprenging på teglsteinen i denne og i kyrkjefasaden. Mykje av fasadesteinen har vorte skifta ut, og i 2005 reiv ein heile basarhallen og bygde ein ny basar etter dei same teikningane.

Inventar Etter eit økonomisk krakk i 1886 måtte ein utsette nokre av planana når det gjaldt inventar. Altartavla er difor ti år yngre enn kyrkja. Biletet er måla av August Eiebakke og har tittelen «Jesus velsigner de elleve apostler før sin himmelfart». Preikestolen og døypefonten var laga av snikkar H.P. Larsen etter teikningane til Schmüser. Kyrkja fekk nytt orgel i 2010.

Kyrkjegard Tidlegare var det kyrkjegard på Tyholmen, men i dag er hovudkyrkjegarden for Arendal by eit par kilometer unna.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kunsthistorie.com Digitalt fortalt om kyrkjebasaren

Bilete frå kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1888 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Treeiningskyrkjer