George Duke () var ein amerikansk musikar, kjend som keyboardpioner, låtskrivar, songar og produsent innan både jazz og pop. Han arbeidde med mange kjende artistar som arrangør, musikalsk leiar, låtskrivar og medlåtskrivar, produsent og som professor i musikk. Han vart først kjend med albumet The Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio. Han var hovudsakleg kjend for litt over 30 soloalbum og for samarbeidet med andre musikarar, særleg Frank Zappa.
Biografi
Bakgrunn Duke gjekk på Tamalpais High School i Mill Valley før han tok bachelor i trombone og komposisjon, i tillegg til grunnfag i kontrabass ved San Francisco Conservatory i 1967. Han spelte opphavleg med vener frå garasjar til lokale klubbar og fann raskt vegen til studio som studiomusikar. Han tok seinare mastergrad i komposisjon ved San Francisco State University. Han var òg lærar i jazz og amerikansk kultur ved Merritt College i Oakland.
Karriere Frå tidleg i 1967 byrja Duke å eksperimentere med jazzfusion, og spelte i lag med fiolinisten Jean-Luc Ponty, i tillegg til Don Ellis Orchestra og bandet til Cannonball Adderley, før han vart kjend med Frank Zappa. Duke spelte på mange Zappa-album gjennom 1970-åra.
Duke var plateprodusent og komponist på to instrumentale spor på Miles Davis-album: «Backyard Ritual» (frå Tutu, 1986) og «Cobra» (frå Amandla, 1989). Han har òg arbeidd med mange kjende brasilianske musikarar, som songaren Milton Nascimento, perkusjonisten Airto Moreira og songaren Flora Purim. Sheila E var med på fleire av soloalbuma til Duke mot slutten av 1970-åra, Don't Let Go og Master of the Game.
Duke var stor innan R&B-sjangeren, og gav ut funky songar som «Reach for It» og «Dukey Stick». I 1979 reiste han til Rio de Janeiro, der han spelte inn albumet A Brazilian Love Affair, i lag med songarane Flora Purim og Milton Nascimento og perkusjonisten Airto Moreira. Albumet inneheld musikk med mange sjangrar, som latinjazz og anna jazz-aktige songar.
Duke arbeidde som musikalsk leiar ved fleire store musikkhendingar, som hyllestkonserten til Nelson Mandela ved Wembley Stadium i London i 1988. I 1989 erstatta han ei kort stund Marcus Miller som musikalsk leiar for kveldsshowet til NBC, Sunday Night."Sunday Night» episodes No.104 (1988), No.113 (1989), No.114 (1989), No.121 (1989) Duke var òg dommar i den andre årlege Independent Music Awards som støtta sjølvstendige artistar.
Duke arbeidde med Jill Scott på det tredje studioalbumet hennar, The Real Thing: Words and Sounds Vol. 3. Sommaren 2011 sette han saman ein trio med David Sanborn og Marcus Miller for ein turné i USA.
Ettermæle Duke døydde 5. august 2013 i Los Angeles av leukemi. Han var 67 år gammal og hadde to søner, Rashid og John. Han er gravlagd vedForest Lawn Memorial Park.
Songane til Duke har blitt nytta av mange andre artistar innan mange sjangrar. Av desse finn ein «I Love You More», sampla av house-bandet Daft Punk for hitten deira «Digital Love»; «Guilty», sampla av elektronica-artisten Mylo på songen «Guilty of Love» på Destroy Rock & Roll. «For Love», sampla av hiphop-artisten MF Doom på songen «I Hear Voices»; «Someday», sampla av hiphop-artisten Kanye West for Common på «Break My Heart» på hans Finding Forever; «You and Me», sampled og nytta av soul/rhythm and blues og hiphop-produsenten 9th Wonder for samlealbumet hans med Kaze for songen «Spirit Of '94» på albumet Spirit Of '94: Version 9.0; og «Reach for It», sampla av Ice Cube på «True to the Game» på hans Death Certificate. .
Duke vart nominert til ein Grammy for beste jazzsong for After Hours i 1999. Duke vart stemt inn i The SoulMusic Hall Of Fame på SoulMusic.com i desember 2012.
Diskografi
Som leiar Tittel ÅrSelskapGeorge Duke Quartet Presented by the Jazz Workshop 1 1966 MPS,SABA The Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio 1969 Pacific Jazz Save the Country 2 1970 Pickwick Solus 3 1971 MPS,SABA The Inner Source (2-LP) 1973 MPS/BASF Faces in Reflection 1974 MPS/BASF Feel 1974 MPS/BASF The Aura Will Prevail 1974 MPS/BASF I Love the Blues, She Heard My Cry 1975 MPS/BASF Liberated Fantasies 1976 MPS/BASF The Billy Cobham – George Duke Band 'Live' on Tour in Europe 1976 Atlantic The Dream 4 1976 MPS/BASF From Me to You 1977 Epic/CBS Reach for It 1977 Epic/CBS Don't Let Go 1978 Epic/CBS Follow the Rainbow 1979 Epic/CBS Master of the Game 1979 Epic/CBS A Brazilian Love Affair 1980 Epic/CBS Clarke/Duke Project 1981 Epic/CBS Dream On 1982 Epic/CBS Clarke/Duke Project 2 1983 Epic/CBS Guardian of the Light 1983 Epic/CBS Rendezvous 1984 Epic/CBS Thief in the Night 1985 Elektra George Duke 1986 Elektra Night After Night 1989 Elektra Clarke/Duke Project 3 1990 Epic/CBS Snapshot 1992 Warner Bros. Muir Woods Suite 5 1993 Warner Bros. Illusions 1995 Warner Bros. Is Love Enough 1997 Warner Bros. After Hours 1998 Warner Bros. Cool 2000 Warner Bros. Face the Music 2002 Bizarre Planet Duke 2005 Bizarre Planet In a Mellow Tone 2006 Bizarre Planet Dukey Treats 2008 Heads Up Déjà Vu 2010 Telarc JazzDreamweaver 2013 Heads Up
1 Gjeve ut på ny som «The Primal» av MPS i 1978. 2 Gjeve ut på ny som «Pacific Jazz» av United Artists i 1978 med ei anna sporliste. 3 Solus vart innspelt i april 1971 og meint som eit enkelt album av SABA, men då SABA vart MPS, valde sjefane å utsetje utgjevinga. Dei gav ut albumet i 1976 som eit dobbeltalbum i lag med MPS-debutplata til Duke kalla The Inner Source. Sistnemnte vart spelt inn i oktober 1971. 4 Spelt inn i 1976 og gjeve ut i 1978 (berre Europa). Gjeve ut i USA (i ein litt anna versjon) som The 1976 Solo Keyboard Album av Epic/CBS i 1982. 5 Spelt inn i 1993 ved Montreaux jazz festival men utgjevinga vart utsett 1996.
Som sidemann Med Al Jarreau Breakin' Away (Warner Bros. Records 1981) Med Frank Zappa og The Mothers of Invention Chunga's Revenge (Bizarre/Reprise, 1970) 200 Motels (United Artists, 1971) Waka/Jawaka (Bizarre/Reprise, 1972) The Grand Wazoo (Bizarre/Reprise, 1972) Over-Nite Sensation (DiscReet, 1973) Apostrophe (') (DiscReet, 1974) Roxy & Elsewhere (DiscReet, 1974) One Size Fits All (DiscReet, 1975) Bongo Fury (DiscReet, 1975) Studio Tan (DiscReet, 1978) Sleep Dirt (DiscReet, 1979) Them or Us (Barking Pumpkin, 1984) You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 (Rykodisc, 1988) Läther (Rykodisc, 1996) The Dub Room Special (Zappa, 2007) Road Tapes, Venue 2 (Zappa, 2013) A Token Of His Extreme (Zappa, 2013) Roxy by Proxy (Zappa, 2014)
Med Third World Lagos Jump (CBS 1983) Try Jah Love (CBS 1982)
Med The Keynotes Get On That Gospel Train (MPS, 1973) Med Gene Ammons Brasswind (Prestige, 1974) Med Billy Cobham Crosswinds (Atlantic, 1974) B.C. (Columbia, 1979) Picture This (GRP, 1987) Med Eddie Henderson Sunburst (Blue Note, 1975) Med Alphonse Mouzon The Man Incognito (Blue Note, 1975) Med Airto Moreira Virgin Land (Salvation, 1974) Med Flora Purim Stories To Tell (Milestone Records, 1974) Open Your Eyes, You Can Fly (Milestone Records, 1976) That's What She Said (Milestone Records, 1978) Carry On (Warner Bros, 1979) Med Michael Jackson Off the Wall (Epic, 1979) Med Jean-Luc Ponty King Kong: Jean-Luc Ponty Plays the Music of Frank Zappa (World Pacific/Liberty, 1970) Individual Choice (Atlantic, 1983) Med Deniece Williams Let's Hear It For the Boy (Columbia, 1984) Love, Niecy Style (Shanachie, 2007) Med Miles Davis Tutu (Warner Bros, 1986) Amandla (Warner Bros, 1989) Med Dianne Reeves Dianne Reeves (Blue Note, 1987) Never Too Far (EMI, 1989) Quiet After the Storm (Blue Note, 1995) Bridges (Blue Note, 1999) In the Moment – Live in Concert (Blue Note, 2000) Beautiful Life (Concord, 2014) Med John Scofield Loud Jazz (Gramophone, 1988) Med Chanté Moore Precious (Silas/MCA, 1992) A Love Supreme (Silas/MCA, 1994) Love the Woman (Peak, 2008) Med Joe Sample Sample This (Warner Bros, 1997) Med Phil Collins A Hot Night in Paris (Atlantic, 1999) Med Regina Belle Lazy Afternoon (2004) Med Teena Marie Congo Square (2009)
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «George Duke» frå , den 4. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
George Duke ved NPR Music «New album, more treats». George Duke intervju på allaboutjazz.com «Deja Vu". George Duke 2012 Interview Part 1 på Soulinterviews.com. George Duke 2012 Interview Part 2 på Soulinterviews.com. SoulMusic Hall Of Fame på SoulMusic.com findagrave.com
Kategori:USA-amerikanske jazzpianistar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Døde av leukemi Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:The Mothers of Invention-medlemmar Kategori:Musikarar frå California