Waka/Jawaka er eit album av Frank Zappa som kom ut i juli 1972. Albumet er eit jazz-aktig føregangar til The Grand Wazoo (november 1972), og som plateomslaget indikerer ein slags oppfølgjar til Hot Rats frå 1969. I følgje Zappa var tittelen «noko som kom fram på eit Ouija-brett ein gong».Frank Zappa interview, november, 1972, on WGOE-FM Richmond VA interview by Jerry Williams from the Frank Zappa GSW Project Vol. 6 1971-72, disk 2 track 22
Songar «Big Swifty» er eit jazz-fusion-stykke, som minnar om mange av Zappa stykka frå jazzperioden hans. Her er mnge blåseinstrument med i tillegg til rom for improvisasjon og bruk av mange taktar. Han opnar i eit raskt 7/8-riff, og melodien skiftar mellom 7/8 og 6/8 (eller 3/4) takt. Han endar opp i 4/4 swing-rytme.http://www.allmusic.com/song/big-swifty-mt0011390668
Sporet «It Just Might Be a One-Shot Deal» er ei merkeleg soge om hallusinasjonar sungen av Sal Marquez og Janet Ferguson (groupien i 200 Motels). Jeff Simmons sin hawaii-gitar skapar eit drameaktig bilete ala Steely Dan, med med teksten but you should be diggin' it while it's happening cause it just might be a one-shot deal,
Nyutgjevingar Albumet vart gjeve ut digitalt på CD av Rykodisc i 1986 (med mykje digital klang lagt til og utan baksida av plateomslaget) og i 1995 (med baksida tilbake att, men identisk lyd). I 2012 gav Universal Music ut ein CD basert på den originale miksen.
Innhald
Medverkande
Musikarar Frank Zappa – gitar, perkusjon, elektrike sengefjører Tony Duran – slidegitar, vokal George Duke – elektrisk piano, tommelpiano Sal Marquez – trompet, vokal, flygelhorn, klokkespel Erroneous (Alex Dmochowski) – elektrisk bass, vokal, fuzzbass Aynsley Dunbar – trommer, vaskebrett, tamburin Kris Peterson – vokalhttp://www.redtelephone66.com/?s=kris+peterson Joel Peskin – tenorsaksofon Mike Altschul – barytonsaksofon, pikkolo, bassfløyte, bassklarinett, tenorsaksofon Jeff Simmons – Hawaii-gitar, vokal Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar Janet Ferguson – vokal Don Preston – gitar, Minimoog Bill Byers – trombone, barytonhorn Ken Shroyer – trombone, barytonhorn Gerry Sack - dempa maracas
Produksjon Produsent: Frank Zappa Lydteknikarar: Marshall Brevitz, Kerry McNabb Mastering: Frank Zappa Design: Cal Schenkel
Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1972Pop Albums152
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waka/Jawaka» frå , den 5. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Release details
Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Jazzfusion-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Reprise Records-album