Luiz Gustavo Dias, eller berre Luiz Gustavo () er ein brasiliansk fotballspelar som i 2014 spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga, og for landslaget til Brasil. Han vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2012/13-sesongen og var med på å vinna den europeiske meisterligaen same sesongen. Med Brasil sitt landslag vann han Confederations Cup, også kjent som prøve-VM, i 2013.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Hoffenheim-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014