Bjørn Andreas Paulson () var ein norsk høgdehoppar og jurist, fødd i Bergen. Han vann sølvmedaljen i høgdehopp under dei olympiske leikane i London i 1948 og vart same året norsk meister i øvinga, då han representerte IL Skjalg.
Paulson var statsadvokat i Telemark frå 1967 til han gjekk av for aldersgrensa i 1993.
Friidrett Under Sommar-OL i London i 1948 fekk han sølv i finaletevlinga etter å ha svinga seg over 1,95 meter, som den einaste i fyrste forsøk. Den neste høgda, 1,98 m, var det berre John Winter frå Australia som tok seg over. Paulson var den einaste nordmannen som tok medalje i friidrett i 1948-leikane.
Paulson sette personleg rekord i høgdehopp med 1,96 meter under NM i Trondheim i august 1948, då han vann sitt einaste noregsmesterskap og si einaste NM-medalje. Det gjorde han i ein knivskarp duell med Birger Leirud, som også fekk notert 1,96 m.
Paulson døydde i Skien.
Kjelder Magnus Breili: Sport i navn & tall. Oslo 1971
Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Folk frå Bergen