Roman Weidenfeller () er ein tysk tidlegare fotballspelar som var aktiv for Borussia Dortmund i tysk Bundesliga i tida 2002-18. Han var målvakt og vart tysk seriemeister i 2011 og 2012.

Klubbspel Weidenfeller spelte frå 2000 til 2002 6 bundesliga-kampar for FC Kaisterslautern. Han melde i 2002 overgang til Borussia Dortmund, der fekk sin debut i bundesligaen den 17. desember 2002. Her var med på å vinne bundesligaen i 2011 og i 2012. Den 12. mai 2012 vakta han målet då Borussia slo Bayern München 5-2 og sikra seg DFB-pokalen. Eitt år seinare var Weidenfeller kaptein då dei same to laga møttest til finalen i UEFA-meisterligaen 2013, her sigra Bayern München med 2-1. Etter 2015 sat Weidenfeller på reservebenken, la opp i 2018,

Landslagsspel Weidenfeller vakta Tyskland sitt mål i 5 kampar i tida frå november 2013 til mai 2015. Han var med i den tyske troppa til VM i fotball 2014, men kom aldri i spel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roman Weidenfeller» frå , den 13. juli 2026.

eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Borussia Dortmund-spelarar