Tadmur (arabisk تدمر; òg skrive Tadmor, Tudmur; i antikken Palmyra) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement. Han ligg i ein oase midt i Den syriske ørkenen 215 km nordaust for DamaskusSyria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014. og 180 km sørvest for Eufrat. Dei gamle ruinane av Palmyra ligg kring 500 meter sørvest for Tadmur. Sjølv om han er relativt isolert er stader i nærleiken Arak i aust, al-Sukhnah lenger nordaust, Tiyas i vest og al-Qaryatayn i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tadmur eit folketal på 51 323 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. Innbyggjarane vart registrert som sunnimuslimar i 1838.Smith, 1841, s. 174.

Økonomi Tadmur er den moderne busetnaden som ligg ved den antikke byen Palmyra, og utvikla seg like nord for dei gamle ruinane. Den moderne byen er bygd etter eit rutemønster. Quwatligata er hovudgata og går frå aust til vest, og startar ved Saahat al-Ra'is-plassen vest i byen.Carter, s. 205. Byen er i dag base for turistar som vitjar ruinane. Han har eit museum sørvest i byen. Syria held ein årleg kulturfestival i Tadmur for å feire den antikke arva.Cavendish, s. 439. Palmyra lufthamn ligg ved Tadmur.

Tadmur er òg eit senter for fosfatutvinning og naturgassindustrien i Syria.Knowles, 2006. Den første fosfatgruva driven av staten vart grunnlagd nær Tadmur og produksjonen starta i 1971.Federal Research Division, s. 169. Arbeidet med å knyte fosfatgruvene i Tadmur til hamna i Tartus byrja i 1978.Federal Research Division, s. 194. I 1986 oppdaga landmålarar frå 1986 store jernmalmførekomstar i nærleiken av Tadmur.Federal Research Division, s. 170.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tadmur» frå , den 9. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Tadmur-distriktet Kategori:Byar i Syria