Zoot Allures er eit rockealbum frå 1976 av Frank Zappa. Dette var den einaste utgjevinga til Zappa på Warner Bros. Records. På grunn av eit søksmål med den tidlegare manageren Herb Cohen, vart platekontrakten til Frank Zappa med DiscReet Records mellombels flytta til Warner Bros.

Tittel Tittelen er eit ordspel på det franske uttrykket «Zut alors!» som ikkje har noko direkte omsetjing, men syner til ei lett overrasking og tyder noko slik som «søren!» eller «faen!». Tittelen syner òg til eit vanleg britisk uttrykk for marihuanasigarettar.

Om albumet Albumet vart opphavleg meint som eit dobbeltalbum, men av ukjende årsaker omarrangerte Zappa det og korta det ned til eit enkelt album. Zappa spelte ei testutgåve av det originale albumet for magasinet Circus i 1976, som rapporterte om ei radikalt annleis, og kanskje feilaktig, sporlsite som omfatta «Sleep Dirt», «The Ocean Is the Ultimate Solution», «Filthy Habits» og «Night of the Iron Sausage». Dei første tre spora kom seinare ut i 1979 på Sleep Dirt og den posthume Läther. «Night of the Iron Sausage» er enno ikkje gjeven ut. «Wind Up Workin' in a Gas Station» og «Zoot Allures» var ikkje med på denne første testutgåva.

Songar «Black Napkins» er ein av fleire gitardrivne stykke på Zoot Allures, og kom til som tema til det som seinare vart det komposisjonen «Sleep Dirt». Fleire av songane på albumet var konsertopptak frå 3. februar 1976 i Osaka i Japan. I lag med «Zoot Allures» og «The Torture Never Stops», vart «Black Napkins» eit signaturstykke for Zappa, og var med på nesten alle turneane til Zappa og mange offisielle utgjevingar.

«Wonderful Wino» vart opphavleg gjeven ut på Jeff Simmons-plata Lucille Has Messed My Mind Up i 1970. Albumet, som delvis vart produsert av Zappa (kreditert som «La Marr Bruister»), kom seinare ut på Joe's Garage i 1979.

Zappa skreiv i omslaget til Sheik Yerbouti frå 1979 at «Friendly Little Finger» frå dette albumet vart skapt ved hjelp av xenokroni.

Innhald

Rykodisc-utgåva Zoot Allures på CD, gjeven ut av Rykodisc, er miksa forskjellig enn den originale original-LPen. Vinyl-utgåva inneheld ein litt lengre versjon av «Disco Boy» mellom anna ei nedteljing i starten av ein trommemaskin og ein lengre uttoning.

Medverkande

Musikarar Frank Zappa –gitar (alle spor), synthesizer (1, 4, 5, 9), bass (1, 3–7, 9), klaverinstrument (3, 5, 7, 9), solovokal (1, 3, 4, 5, 7, 9) Terry Bozzio – trommer, korvokal (5, 9) Davey Moiré – solovokal (1), korvokal (1, 9), lydteknikar Andre Lewis – orgel (2), vokal (2), korvokal (5, 9) Roy Estrada – bassgitar (2), vokal (2), korvokal (2, 4, 5, 9) Napoleon Murphy Brock – saksofon & vokal (2) Ruth Underwood – synthesizer (4, 7), marimba (6, 8) Captain Beefheart – munnspel (5) (som «Donnie Vliet») Ruben Ladron de Guevara – korvokal (5) Dave Parlato – bassgitar (8) Lu Ann Neil – harpe (8) Sparky Parker – korvokal (9)

Klaverspelaren Eddie Jobson og bassisten Patrick O'Hearn, som då Zoot Allures kom ut var medlem i bandet til Zappa, er med på omslaget, speler ikkje på sjølve albumet.

Produksjon Arnie Acosta – mastering Amy Bernstein – design Michael Braunstein – lydteknikar Gary Heery – fotografi Cal Schenkel – design Bob Stone – digital remastering

Salslister Album – Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1976Pop Albums61

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zoot Allures» frå , den 11. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstar og detaljar Utgjevingar

Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Warner Bros. Records-album