Armanaz (arabisk أرمناز) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 20 kilometer nordvest for Idlib nær grensa til Tyrkia.Syria: Rebels appear to control large parts of northwest. Global Post. 2012-07-04. Av stader i nærleiken finn ein Salqin, Harem og Kafr Takharim i nord og Idlib, Ma'arrat Misrin og Saraqib i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Armanaz eit folketal på 10 296 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. Byen er òg det administrative senteret i Aramanaz nahiyah som består av tolv landsbyar med eit samla folketal på 27 267. Armanaz er kjend for glasindustrien.Litman, 1949, s. 77. Han er òg kjend for olivenlundane, olivenolje og keramikk.
I vekene etter kampane sommaren 2012 under den syriske borgarkrigen erobra opprørarar Armanaz frå den syriske hæren den 20. juni.
Historie Namnet «Armanaz» er av før-semittisk opphav. I følgje historikaren Carl Joham Lamm indikerer antikke kjelder at Armanaz vart grunnlagd av glasarbeidarar frå ein by nær Tyr (dagens Libanon) med same namn.Lamm, 1941, s. 62.
I 1098 vart seldsjukkar-herskaren i Antiokia, Yaghi-Siyan, drepen i Armanaz, som då var eigedomen til Maarrat Misrin,Gibb, s. 44. medan han rømde byen etter at Antiokia hadde blitt erobra av krossfararar.Ginkel, s. 241. Under Ajjubide-dynastiet tidleg på 1200-talet skreiv den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi at landsbyen Armanaz var «ein eldgamal og liten by, kring 5 league. Dei lagar her keramikk og drikkekar, raud på farge og med ei særs søtleg lukt.»le Strange, 1890, s. 399.
I mellomalderen nemnte den muslimske historikaren Izz al-Din ibn Shaddad al-Halabi Armanaz som ein av 22 forlatne eller ruinerte festningar i Aleppo-området, truleg øydelagd under mongolinvasjonane av Syria midt på 1200-talet og vart ikkje bygd opp att då mamelukkane fekk makta i området.Raphael, 2010, s. 89-90.
Under det antifranske opprøret leia av Ibrahim Hananu i 1919, styrte soldatane til Hananu i Armanaz og la skatt på landeigarar, kvegeigarar og bønder for å støtte opprøret. Frå Armanaz strekte makta til Hananu seg til Harem, Jisr al-Shughur, Kafr Takharim og Idlib med same skattlegginga og styringa i desse kommunane.Gelvin, 1998, s. 134.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Armanaz» frå , den 12. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Harem-distriktet Kategori:Byar i Syria