Fraser Gerard Forster () er ein engelsk fotballspelar. I 2014 spela han for Celtic i skotsk Premier League. Han vart seriemeister i Skottland med Celtic i 2012, 2013 og 2014. Dei andre Celtic-spelarane kåra han til årets Celtic-spelar i 2012/13- og 2013/14-sesongen.
Landslagsspel Forster vakta Englands mål i 6 landskampar i tida frå november 2013 til mai 2016. Han var med i troppene til VM i fotball 2014 og EM i fotball 2016, utan å kome i spel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fraser Forster» frå , den 19. juli 2024.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Stockport-spelarar Kategori:Bristol Rovers-spelarar Kategori:Norwich-spelarar Kategori:Celtic-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014