Taftanaz (arabisk تفتناز, òg skrive Teftanaz) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 17 kilometer nordaust for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Ta'um og Binnish i sørvest, Maarrat Misrin i vest, Zardana i nordvest, Maarrat al-Ikhwan i nordaust og Bawabiyah i aust. Taftanaz er hovudsakleg ein jordbruksby og består av betongbygningar. Han er omgjeve av kveiteåkrar.
I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Taftanaz eit folketal på 8 540 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Byen er òg det administrative senteret i Taftanaz nahiyah som består av fem landsbyar med eit samla folketal på 24 145. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Abouzeid, Rania. Going Rogue: Bandits and Criminal Gangs Threaten Syria’s Rebellion. TIME. 2012-07-30.
Historie Namnet «Taftanaz» er verken arabisk eller tyrkisk. I staden har namnet truleg hettittisk opphav.Palestine Exploration Fund, 1881, s. 222. Taftanaz vart nemnt i ein inskripsjon i Karnak-tempelet som ein av stadane som vart erobra av Thutmose III under det 18. dynastiet i Egypt på 1400-talet fvt.Birch, 1891, s. 38.
Den syriske borgarkrigen Innbyggjarane i Taftanaz deltok i fleire demonstrasjonar mot den syriske regjeringa frå april 2011 og frametter, i starten av den syriske borgarkrigen. Mellom den første demonstrasjonen i april 2011 og april 2012, raida tryggingsstyrkar byen fire gonger. I oktober 2011 førte kampar mellom den syriske hæren og lokale opprørarar til at fem menneske mista livet i Taftanaz. Den 21. mars 2012 førte harde kampar mellom hæren og opprørarane til at opprørarane vart tvinga ut av Taftanaz..
Den 3. april 2012 bomba den syriske hæren Taftanaz før dei sette i gang eit tre dagar langt åtak mot byen. Minst 62 menneske skal ha mista livet og i juni hadde to tredjedelar av innbyggjarane flykta frå byen. Andre kjelder skreiv at 56 innbyggjarar mista livet og at 60 % av innbyggjarane hadde flykta, hovudsakleg nordover til Tyrkia. Sjølv om innbyggjarane hevda at det var få opprørarar i byen, var opprørarar frå det generelle området ansvarlege for fleire åtak der ni stridsvogner vart øydelagde og fleire soldatar mista livet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taftanaz» frå , den 13. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Idlib-distriktet Kategori:Byar i Syria