Bastnäsitt er eit gult til brunt mineral og eit fluorhaldig karbonat av cerium og andre lantanoidar. Den kjemisk formelen er (La, Ce)CO3F og det krystalliserer heksagonalt. Mineralet opptrer i mindre mengder fleire stader i Noreg, dels som omvandlingsprodukt av andre lantanoideførande mineral. Opphavleg vart det funne i skarn ved Bastnäs i Sverige, som har gjeve det namnet.
Kjelder Bastnäsitt. (2012, 19. mars). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/bastn%C3%A4sitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Lantanidmineral kategori:Karbonatmineral kategori:Halidmineral kategori:Heksagonale mineral