Al-Janudiyah (arabisk الجانودية; òg skrive al-Janoudiya, el-Janudieh eller al-Janoodiya) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs vestbreidda av Orontes i Zawiya.Syrian soldiers storm towns near Turkish border. Reuters. Published in Stuff New Zealand. 2011-09-15. Av stader i nærleiken finn ein Shughur Fuqani i sørvest, Jisr al-Shughur 10 kilometer mot sør, Bishlamun i søraust, Kafr Dibbin i nordaust, Yacoubiyah og al-Qunaya i nord og al-Malnad i nordvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Janudiyah eit folketal på 5 295 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Byen er òg det administrative senteret i al-Janudiyah nahiyah som består av 13 stader med eit samla folketal på 19 642. Innbyggjarane i byen er hovudsakleg kristne, i følgje Agence France-Presse.Syria rebels tighten noose around key Idlib city. France 24. Originally published by Agence France-Presse. 2013-02-05.

Det finst antikk keramikk i Al-Janudiya som liknar keramikken frå Amuq-området.Matthers, 1981, s. 94. Geologien på staden er markert av mjuk mergel og kalkstein.Krasheninnikov, 2005, s. 356.

Den syriske borgarkrigen Under operasjonane til den syriske hæren mot opprørarane i Jisr al-Shughur den 15. juni 2011, vart al-Janudiyah kringsett av syriske soldatar.Fielding-Smith, Abigail. Thousands flee Syrian town as troops gather. Financial Times. 2011-06-15. Den 5. september var det kampar mellom avhoppar frå hæren som flykta mot den nærliggande grensa til Tyrkia og syriske soldatar som gjekk inn i al-Janudiyah.Syrian forces renew raids near Turkey, kill youth. Ahram Online. Published by Reuters. 2011-09-05. Seinare, den 15. september, vart ein gut drepen av tryggingsstyrkar under ein demonstrasjon, i følgje aktivistar.

Den 4. februar 2012 vart ein opprørar drepen og fire skadde i al-Janudiyah under kampar med syriske tryggingsstyrkar.Syrian Crisis Updated. Volitaire. Originally published by Syrian Center for Documentation. 2012-02-04. Fleire kampar i byen følgde 11. mars då tre syriske soldatar og ein sivil mista livet i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar.Annan 'optimistic' after Syria meeting. Al Jazeera English. 12. juni 2011. Den 1. april vart ein konvoi med den syriske hæren angripen av avhopparar og fire soldatar drepne og elleve andre soldatar skadde.Wrap-Up 4-Syria's «friends» try to twist screw on Assad. Reuters publisert i Chicago Tribune. 2012-04-01.

Dei første dagane av februar 2013 erobra opprørar al-Janudiyah og nærliggande Yakubiyah.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Janudiyah» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Jisr al-Shughur-distriktet Kategori:Byar i Syria