Beit Yashout (arabisk بيت ياشوط) er ein by nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Ayn al-Sharqiyah i vest og al-Daliyah i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Beit Yashout eit folketal på 6 115 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. Byen ligg i An-Nusayriyahfjella kring 500 meter over havet.
Beit Yashout er ein av busetnadane som er busett av alawittiske Hadadeen-klane, som den første Aniseh Makhluf høyrte til.Batatu, s. 224. Landsbyen var tradisjonelt sett heimstaden til Bani Ali-klanen, som òg var alawitt.Antoun, s. 60. Beit Yashout er heimbyen til Muhammed al-Khuli, ein offiser i Baathist-regjeringane i 1960-åra og gjennom regimet til den tidlegare presidenten Hafez al-Assad (1970-2000).Batatu, s. 219.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Yashout» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Jableh-distriktet Kategori:Byar i Syria