Kesab, Kessab eller Kasab (arabisk كسب, armensk Քեսապ, Kesab) er ein armensk-busett by nordvest i Syria i Latakia guvernement, 59 kilometer nord for Latakia. Han ligg nær grensa til Tyrkia i fjellsida til Aqraa (tyder «den hårlause» eller «skalla») 800 meter over havet. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kesab eit folketal på 1 754 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement.
Med det tørre klimaet og omgjeve av grøne skogar og djupe dalar, er Kesab ein populær feriestad for mange innbyggjarar i Aleppo og Latakia.Guide Arabe Pour Le Commerce, L'industrie & Les Professions Libérales Dans Les Pays Arabes. (1972). Page 12.
mini|venstre|Baghjaghaz-passet og høgda Chalma.
Byen ligg 59 kilometer nord for Latakia, berre tre kilometer frå den tyrkisk grensa og ni kilometer frå Middelhavet. Byen ligg 800 meter over havet i midten av ein tett barskog, og er ein populær feriestad om sommaren.
Kesab er en gammal armensk by som er datert attende til Det armenske kongedømet Kilikia. Innbyggjarane er i dag hovudsakleg armenarar med ein minoritet av arabiske alawittar. Byen er omgjeven av små landsbyar og gardar, som òg stort sett er folkesett av armenarar: Duzaghaj, Esguran, Sev Aghpyur, Kinar, Chakhaljekh, Keorkeuna, Ekizolukh, Baghjaghaz, Karadouran, Karadash og den fråflytta landsbyen Bashurd.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kesab» frå , den 18. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kesab - armensk nettside
Kategori:Armensk diaspora Kategori:Busetnader i Latakia-distriktet Kategori:Byar i Syria