Quneitra (òg Al Qunaytirah, Qunaitira eller Kuneitra; arabisk القنيطرة, al-Qunayṭrah) er eit stort sett øydelagd og fråflytta adminsitrasjonssenter i Quneitra guvernement sørvest i Syria. Han ligg i ein høg dal i Golanhøgdene 1 010 meter over havet. Quneitra vart grunnlagd i den osmanske tida som ein stoppestad på karavaneruta til Damaskus og vart så ein garnisonsby med kring 20 000 innbyggjarar. Han låg strategis nær våpenkvilelinja med Israel. Det arabiske namnet tyder «den vesle brua».
I desember 2024 kom byen under israelsk kontroll.
Den 10. juni 1967, den siste dagen av seksdagarskrigen kom Quneitra under israelsk kontroll.On Encyclopedia of Israel Stamps. Tel Aviv: Sifriyat Ma'arit, 1969. s. 195 Han vart ei kort stund gjenerobra av Syria under Yom Kippur-krigen i 1973, men Israel tok attende kontrollen i ein motoffensiv. Byen vart nesten heilt øydelagd før israelarane trekte seg attende i juni 1974. Han ligg no i den demilitariserte United Nations Disengagement Observer Force Zone mellom Syria og Israel, ein kort veg frå den de facto grensa mellom dei to landa, og er folkesett av berre nokre få familiar. Syria nekta å bygge byen opp att og har aktivt gått i mot nyinnflytting i området. Israel var kraftig kritisert av Dei sameinte nasjonane for øydelegginga av byen,"Report of the Special Committee to Investigate Israeli Practices Affecting the Human Rights of the Population of the Occupied Territories», United Nations General Assembly Resolution 3240, 29. november 1974, A/RES/3240, unispal . medan Israel har kritisert Syria for ikkje å ha bygd Quneitra opp att.Abraham Rabinovich. The Yom Kippur War, 492. Knopf Publishing Group, 2005. ISBN 0-8052-1124-1
Geografi og demografi mini|Kart over Golanhøgdene frå 1989 som syner plasseringa til Quneitra og området rundt. Quneitra ligg i ein høg dal i Golanhøgdene, 942 meter over havet. Han er overskugga i vest av den israelsk-kontrollerte delen av Golanhøgdene og fjellet Har Bental. Området rundt er dominert av gamle vulkanske lavastraumar med sovande vulkanar innimellom, som stig 150-200 meter over den omliggande sletta. Dei vulkanske åsane i regionen har spelt ei nøkkelrolle som observasjonspunkt og naturlege anslagsstillingar i konflikten om regionen, som i Yom Kippur-krigen.Simon Dunstan. The Yom Kippur War 1973: The Sinai, s. 9. Osprey Publishing, 2003. ISBN 1-84176-220-2 I meir fredelege tider har det frodige vulkanske jordsmonnet vorte utnytta til korndyrking og beitemarker.Geoffrey William Bromiley. «Golan», in International Standard Bibelen Encyclopedia: E-J, s. 520. Wm. B. Eerdmans Publishing, 1994. ISBN 0-8028-3782-4
I mellomkrigstida skreiv den amerikanske turisten Harriet-Louise H. Patterson om Quneitra
Plasseringa til byen langs ei viktig handelsrute gjorde at folkesetnaden var variert. På starten av 1900-talet var han dominert av muslimske tjerkessarar frå Kaukasus. Folketalet voks til kring 21 000 innbyggjarar, hovudsakleg arabarar, etter det syrisk sjølvstendet frå Frankrike i 1946. Etter at han vart fråflytta i 1967 og sidan øydelagd, flytta innbyggjarane til andre delar av Syria.
Historie Tidleg historie Det omliggande området har vore busett i tusenvis av år. Jeger-samlarar skal ha halde til her, noko funn av flintreiskapar i nærleiken viser.Takeru Akazawa, Kenichi Aoki, Ofer Bar-Yosef, Neanderthals and Modern Humans in Western Asia, s. 154. Springer, 1998. ISBN 0-306-45924-8 Ein busetnad vart grunnlagd minst så tidleg som romersk og bysantinsk tid, og tente som stoppestad på vegen frå Damaskus til det vestlege Palestina. Apostelen Paulus skal ha vitja busetnaden på veg frå Jerusalem til Damaskus. Staden der omvendinga av Paulus tradisjonelt skal ha gått føre seg var den vesle landsbyen Kokab, nordaust for Quneitra, på veg til Damaskus.Ivan Mannheim, «Biblical Damascus» i Syria & Libanon Handbook, s. 100. 2001, Footprint Travel Guides. ISBN 1-900949-90-3
I 1868 stod det i ei reisehandbok at staden var ein «ruinert landsby med kring 80 til 100 hus» og at ein stor khan stod blant ruinane.Porter, Josias Leslie. A handbook for travellers i Syria and Palestina, J. Murray, 1868, s. 439. [Harvard universitet, 4. januar 2007]
Den moderne byen voks på siste halvdelen av 1800-talet kring ein gammal osmansk karavanserai, som vart bygd ved hjelp av stein frå ruinane av ein eldgammal busetnad.Paul Virgil McCracken Flesher, Dan Urman, Ancient Synagogues: historical analysis and archaeological discovery, s. 394. Brill Academic Publishers, 1995. ISBN 90-04-11254-5 Midt i 1880-åra var Quneitra hovudbyen og setet for guvernementet Jaulân. Schmacher skreiv at han «bestod av 260 bygningar, som er stort sett solid bygd med basaltsteinar og har 1300 innbyggjarar, hovudsakleg tjerkessarar».
Under fyrste verdskrigen slo det australske kavaleriet osmanske tyrkarar der den 29. september 1918, før dei tok Damaskus (sjå òg slaget ved Megiddo i 1918). Quneitra var åstad for fleire slag under Syria-Libanon-felttoget under andre verdskrigen, inkludert slaget ved Damaskus og slaget ved Kissoué.
Midtaustenkonflikten Då dei moderne statane Syria og Israel fekk sjølvstendet sitt frå Frankrike og Storbritannia etter andre verdskrigen, vart Quneitra ein ny strategisk by sidan han låg berre 24 km frå grensa. Han vart ein blømande marknadsby med ein militær garnison og over 20 000 innbyggjarar, hovudsakleg arabarar."Qunaytirah, Al-.» Encyclopædia Britannica. 2007.
Seksdagarskrigen Quneitra var det syriske hovudkvarteret for Golanhøgdene. Då israelarane erobra byen skjedde det under kaotiske høve den 10. juni 1967, den siste dagen av seksdagarskrigen. Israelske styrkar rykka fram mot Quneitra frå nordvest og syriske soldatar tok stilling nord for byen, under kraftig bombardement, for å forsvare vegen til Damaskus. Klokka 8:45 om morgonen erklærte syrisk radio feilaktig at byen hadde falle. Den syriske hæren trekte seg så kaotisk attende langs vegen til Damaskus. Sjølv om den feilaktige meldinga vart retta opp att to timar seinare, utnytta israelarane situasjonen som oppstod og erobra Quneitra.Andrew Beattie, Timothy Pepper, The Rough Guide to Syria 2nd edition, s. 146. Rough Guides, 2001. ISBN 1-85828-718-9 Ein panserbrigade under oberst Albert Mandler gjekk inn i Quneitra kl. 1430 og fann byen tom, med mykje militærutstyr att.Jeremy Bowen, Six Days: How the 1967 War Shaped the Middle East, s. 304. Simon & Schuster Ltd, 2003. ISBN 0-7432-3095-7
Det vart semje om våpenkvile seinare på ettermiddagen, og Quneitra vart verande under israelsk kontroll. I juni 1967 rapporterte magasinet Time: «Byen El Quneitra var ein spøkjelsesby, butikkane var stengde, dei tomme gatene var patruljerte av israelarar som søkte frå hus til hus etter våpen og ammunisjon. Åsane gav gjenklang etter eksplosjonane då dei israelske sappørane systematisk øydela den vesle Maginot-linja som syrarane hadde bomba kibbutzar frå på andre sida av Genesaretsjøen».
Israelsk okkupasjon Den tomme byen vart verande under Israel i nesten seks år. Israel og Syria var i krigstilstand gjennom denne perioden (og er det framleis i dag). Byen fekk ein symbolsk verdi og vart av syrarane sett på som «merket på nederlaget til Syria, eit emblem av hat mellom Syria og Israel og ein kross [den syriske presidenten Hafez al-Assad] måtte bere.»Seale, Patrick. (1988). Asad of Syria: The struggle for the Middle East (p. 141). Berkeley: University of California Press Syria bomba byen fleire gonger tidleg i 1970-åra. I juni 1970 gjekk ei pansra styrka til åtak, og i november 1972, annonserte radio i Damaskus at syrisk artilleri igjen hadde bomba Quneitra.
Yom Kippur-krigen mini|400px|Felttoget på Golanhøgdene under Yom Kippur-krigen Under dei første dagane av Yom Kippur-krigen i 1973, vart Quneitra ei kort stund gjenerobra av den syriske hæren før dei vart drivne attende av eit israelsk motåtak."Tables turned on Arabic, Israel general says». The Times, 9. oktober 1973, s. 8 Midt i oktober 1973 starta eit israelsk motåtak. Syrarane hadde samla nesten 1 000 stridsvogner langs ein 100 km lang front. Med ein massiv samling av stridsvogner, hamra israelarane laus på dei syriske styrkane. Syrarane fall først attende, men klarte å få i stand eit motåtak og presse seg inn at i dei okkuperte områda. Kven som hadde kontrollen over Quneitra endra seg fleire gonger. Til slutt klare israelarane med pansra styrkar, og støtte frå Phantom- og Skyhawk-jagarfly som nytta napalm mot dei syriske styrkane, å stoppe det syriske åtaket og drive arabarane attende.
Israelarane hadde kontroll over byen til tidleg i juni 1974, då han vart gjeven attende til syrisk, sivil kontroll etter at det vart signert ein frigjeringsavtale den 31. mai 1974. Overgjevinga av Quneitra var kontroversiell, med israelske nybyggjarar"Settlers insist Israel keeps Golan». The Times, 7 May 1974, s. 6, både Likud og Mafdal var i mot det«Criticism in Israel over peace pact's concessions to Syria». The Times, 30. mai 1974, s. 7 og det vart oppretta ein busetnad i utkanten for ein kort periode. I følgje Michael Mandelbaum, skulle i følgje avtalen byen blir folkesett på ny for å syne dei fredelege intensjonane til syrarane ved at god oppførsel frå syrarane ville oppfordre israelarane til å trekkje seg vidare attende.Michael Mandelbaum, The Fate of Nations: The Search for National Security in the Nineteenth and Twentieth Centuries, s. 316. Cambridge universitet Press, 1988. ISBN 052135790X Overgjevinga tredde i kraft 6. juni.«Israel-Syrian disengagement goes into effect today after detailed plan is signed in Geneva». The Times, 6. juni 1974, s. 6 Den 26. juni reiste den syrisk presidenten Hafez al-Assad til Quneitra der han bad om å overgje resten av dei okkuperte områda til syrarane.«Egypt offers air force to defend Lebanon». The Times, 26. juni 1974, s. 6
Attende til syrisk kontroll mini|Øydelagd bygning i Quneitra. mini|Inngangen til byen. Vestlege reporterar følgde syriske flyktningar heim til byen tidleg i juli 1974 og skildra det dei såg på bakken. Korrespondenten i magasinet Time rapporterte at «dei fleste bygningane er slått heilt flate, som om det er nytta dynamitt, eller merka med granateld.» Le Monde sin Syria-korrepsondent, skreiv i ein rapport for The Times ei detaljert skildring av øydeleggingane:
I dag er ikkje byen til å kjenne att. Husa med taka sine ligg på bakken som om dei er gravsteinar. Delar av grusen er dekt av fersk jord med spor av bulldosarar. Overalt er det bitar av møblar, kasserte kjøkenutstyr, hebraiske aviser frå den første veka av juni, her ei sundriven madrass, der nokre fjører frå ein gammal sofa. På dei få veggane som framleis står, står det på hebraisk: «Det vil bli ein ny runde»; «Vil du ha Quneitra, skal du få han øydelagd»."Golan's capital turns into heap of stones». The Times, 10. juli 1974, s. 8
Byen hadde visstnok systematisk blitt ribba av israelske styrkar, alt som kunne flyttast og seljast til israelske leverandørar. Dei tomme bygningane vart så riven sundt av traktorar og bulldosarar.Lara Dunston, Terry Carter, Andrew Humphreys. Syria & Lebanon, s. 129. Lonely Planet, 2004. ISBN 1-86450-333-5 I spekulasjonane på kva som kunne vere mogelege årsaker til raseringa av byen, skreiv korrespondenten i The Times i 1974 at «den israelske evakueringa av Quneitra fann stad kort tid etter israelske krigsfangar kom attende frå Damaskus med mange forteljingar om tortur».