Statens byggeskikkpris er ein årleg norsk pris som vert gjeven som honnør for god arkitektur. Prisen kan gjevast til personar eller til private eller offentlege verksemder som har gjeve eit bidrag til monaleg å fornye, utvikle eller heve standarden på den ålmenne byggjeskikken i landet gjennom planlegging eller bygging. Det vert lagt vekt på nye idear og teknologi, at bygningane er tilpassa natur- og kulturlandskapet og dessutan gjer sitt til å skape ein lokal identitet. I den seinare tida er det òg vorte lagt vekt på at det er vald miljøvennlege og energisparande løysingar, og at det er vald utformingar som gjev tilgjenge for alle.
Det er kommunal- og regionalministeren som nemner opp juryen som avgjer kven som skal få Statens byggeskikkpris, og kommunal- og regionalministeren står for overrekinga. Husbanken er sekretariat for juryen.
Byggeskikkprisen vart delt ut for fyrste gong i 1983. Dette året ville juryen berømma god bustadbygging, og prisen gjekk til Hillarhaugen på Stord som omfatta 15 bustader. Seinare har prisen gått til burettslag, skular, museum, bibliotek, kontorbygg, restaureringar og signalbygg som Sametingsbygningen, Hamsunsenteret og Operahuset i Oslo.
I tillegg til Statens byggeskikkpris, finst det òg fleire offentlege lokale byggjeskikkprisar eller arkitekturprisar som er oppretta av kommunar.
Utdelingar + Oversyn over alle utdelingar Bilete År Bygg/prosjekt Arkitektkontor Byggherre 1983 Einebustadområdet Hillarhaugen på Stord Holmedahl og Wåge Stord kommune 150px 1984 Opprusting av Storgata i Lillehammer Lillehammer kommune 1985 Gran gard på Romerike og Gahre gard på Lista. Nytt våningshus og restaurering av eksisterande. Arkitektsenteret, Bøndenes bygningskontor Familien Gahre/familien Brændfjord 1986 Næringsbygget Hanabryggene i Sandnes Hoem, Kloster og Jacobsen Sjur Svaboe 150px 1987 Holtbakken borettslag i Skedsmo Div.A Arkitekter og Lund Arkitekter Skedsmo boligbyggelag 1988 Bærum verk kjøpesenter Niels Torp Ingegerd Løvenskiold 1989 Aronnes barnehage i Alta Atelier 2 Alta kommune 150px 1990 Ilevollen bo- og servicesenter i Trondheim Nils Christian Ottesen Trondheim kommune 1991 Ny utstillingsbygning for Drammen museum Gunnar Granberg Drammens Museum 150px 1992 Iglebæk bilanlegg i Oslo Torstein Ramberg Kolberg Motors og Iglebæk 1993 NSB som byggherre NSB Arkitektkontor Norges Statsbaner 1994 Skårsetlia boliglandsby på Lillehammer Lund Hagem Arkitekter og Div.A Arkitekter Lillehammer Olympiske Boliger 1995 Kontorbygg for Stavanger Aftenblad på Bryne Hoem, Schelderup og Tonning Stavanger Aftenblad 150px 1996 Aukrustsenteret i Alvdal Sverre Fehn og Harald Hille Alvdal Senteret 150px 1997 Ibsenkvartalet i Oslo Gunnarsjaa + Kolstad Arkitekter Linstow eiendom 150px 1998 Rasteplassar langs Sogne- og Strynefjellveien Jensen og Skodvin arkitektkontor og Carl-Viggo Hølmebakk 150px 1999 Lillestrøm stasjonsområde Petter Bogen arkitektkontor, Arne Henriksen arkitekter, Berg og Dyring Statens vegvesen, NSB Gardermobanen og NSB BA eiendeom 2000 Planteforsk i Ullensvang Lund Hagem Arkitekter Statsbygg 150px 2001 Sametingsbygningen i Karasjok Stein Halvorsen og Christian Sundby Statsbygg 150px 2002 Byrom i Bergen CUBUS, Kavle/Smedsvig og Next to Nothing Bergen kommune 150px 2003 Møllebyen i MossVerneverdig bebygging, restaurering og ny bebygging. LPO arkitektur, Sundby arkitekter, Berg og Dyring Mossemøllene eiendom 150px 2004 Boliger i Skippergata 12 og Lysaker brygge i Oslo MAD og Kari Nissen Brodtkorb Gjensidige NOR Næringseiendom 150px 2005 Røråstoppen barneskole Ola Roald arkitektur, FuthArk arkitekter, Bisgaard landskapsarkitekter Re kommune 150px 2006 Norsk Design- og Arkitektursenter, Hausmanns gate 16, Oslo Jensen & Skodvin Arkitektkontor og A38 Arkitekter Aspelin Ramm 150px 2007 Pilestredet park En rekke aktører Statsbygg og Oslo kommune 150px 2008 Operahuset i Oslo Snøhetta Statsbygg 2009 Preikestolen turisthytte Arkitektkontoret Helen & Hard Stavanger Turistforening 150px 2010 Gjerdrum ungdomsskole Kristin Jarmund Arkitekter Gjerdrum kommune 150px 2011 Hamsunsenteret på Hamarøy Steven Holl og LY arkitekter; Landskapsarkitekt: Landskapsfabrikken ved Ellen Husaas; Nordland fylkeskommune 150 px 2012 Vennesla bibliotek (Bildet viser bibliotekets interiør) Arkitektkontoret Helen & Hard Vennesla kommune 2013 Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole Arkitekturverkstedet og Asplan Viak Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommuneAftenposten.no – Dette er Norges beste bygg (Av Siv Helen Kvalvåg. Publisert og besøkt 25. juni 2013). 2014 Gjensidige hovudkontor og NSB hovudkontor, Schweigaardsgate 21 og 23, OsloLund + Slaatto Arkitekter Gjensidige og NSB 150px 2015 Stormen (bildet) og Torshovdalen DRDH Architects og Lund Hagem Arkitekter Bodø kommune; og Backe Prosjekt og Mallin Eiendom
Kjelder
Bakgrunnsstoff Statuttane for Statens byggeskikkpris. Litteratur Berg, Helle Benedicte (red.) (2007) Forbilder: statens arkitektur-, bymiljø- og byggeskikkpriser 25 år. Oslo, Husbanken. ISBN 9788290122275
Kategori:Arkitekturprisar Kategori:Norske prisar Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Norsk arkitektur