RMS «Empress of Ireland» var eit britisk linjeskip som gjekk ned i St. Lawrence-elva i Canada i morgontimane 29. mai 1914. 1 012 av dei 1 477 menneska som var ombord omkom. Dette var i lang tid det største tapet av menneskeliv til sjøs, og er framleis den største sjøfartsulukka i kanadisk historie i fredstid.
«Empress of Ireland» gjekk i linje mellom Canada og Storbritanna med post, passasjerar og last. I mai 1914 var «Empress of Ireland» på veg frå Quebec til Liverpool. Ho hadde plukka opp posten og teke avskjed med losen i Rimouski, og var nær Pointe-au-Père i den vide St. Lawrence-elva då ei tjukk skodde plutseleg hindra sikt. På skipet hadde dei tidlegare sett lysa frå det norske dampskipet «Storstad» fleire kilometer unna, men rekna ikkje med at det var fare for kollisjon. Derfor var det eit stort sjokk då «Storstad» om lag 02:00 dukka opp frå skodda nokre hundre meter frå «Empress of Ireland» og ramma skipet i sida.
Førarane av begge skipa meinte det andre hadde gjort feil. Thom Andersen, som var kaptein på «Storstad», hevda at «Empress of Ireland» hadde gjeve signal om at skipa skulle passera babord mot babord, etter vanleg skikk. Kaptein Henry Kendall på «Empress of Ireland» meinte derimot at «Storstad» hadde gjeve signal om at skipa skulle passera styrbord mot styrbord.
«Empress of Ireland» sokk raskt. Mange av kuauga på skipet var opne, og vatn strøymde inn. Ein del av dei som var ombord vakna og kom seg i livbåtar, men bere tre kunne firast ned før skipet krenga kraftig. Det la seg på styrbord side, og fleire hundre kom seg ut gjennom kuauge. Rundt 14 minutt etter samanstøytet sokk skipet, og dei som låg oppå blei kasta uti det iskalde vatnet. Dei fleste passasjerane drukna i lugarane sine.
Ombord i skipet hadde det vore ein utforskar (Henry Seton-Karr), skodespelarar, forretningsfolk, 167 medlemmer av Frelsesarmeen på veg til ein internasjonal kongress i London, og mange europearar som hadde utvandra til Canada og no var på veg til heimlanda sine, mellom anna 21 nordmenn. Berre 7 av desse overlevde.
Etter forliset forlanga eigarane av begge skipa erstatning frå kvarandre. Ei kanadisk gransking gav førarane av «Storstad» hovudskulda for forliset, sjølv om seinare undersøkingar har sådd noko tvil om dette.
Kjelder
Marion Kelch, The Collision between the S/S Empress of Ireland and the S/S Storstad, norwayheritage.com Kjetil Saugestad, «Det juridiske etterspillet», nrk.no (05.01.2012) Kjetil Saugestad og Silje Martinsen Wettre, «Tragedie med norske syndebukker», nrk.no (05.01.2012)
Delar av denne artikkelen bygger på «RMS Empress of Ireland» frå , den 28. juni 2014.
Bakgrunnsstoff Tragedie med norske syndebukker. nrk.no. 5. januar 2012. The Collision between the S/S Empress of Ireland and the S/S Storstad, norwayheritage.com [http://www.wrecksite.eu/wreck.aspx?30437 RMS Empress of Ireland +1914, Wrecksite.eu The Empress of Ireland Museum
Kategori:Britiske dampskip Kategori:Britiske linjeskip Kategori:Skipingar i 1906 Kategori:Nedleggingar i 1914 Kategori:Forlis i 1914 Kategori:Kanadisk historie