Joel Nathaniel Campbell Samuels () er ein kostarikansk fotballspelar som har spela for greske Olympiakos der han var på utlån frå Arsenal FC. Campbell har også spela på det kostarikanske landslaget og var med i VM i fotball 2014.
FC Arsenal stadfesta at dei hadde signert kontrakt med Campbell i august 2011, men fordi han ikkje hadde skaffa arbeidsløyve i England, fekk han ikkje lov å spela for klubben. Campbell skaffa seg endeleg dette løyvet i juli 2013. Campbell har enno ikkje spela ein kamp for Arsenal, men har vorte utlånt til andre europeiske klubbar. Olympiakos er den tredje klubben han har vorte utlånt til frå Arsenal.
Campbell skåra Costa Rica sitt fyrste mål under VM i fotball 2014. Han utlikna mot Uruguay, ein kamp som Costa Rica til slutt vann 3-1.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joel Campbell» frå , den 30. juni 2014.
Kategori:Kostarikanske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Lorient-spelarar Kategori:Olympiakos-spelarar Kategori:Real Betis-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018