Fåberg prestegard ligg om lag 300 meter vest for Fåberg kyrkje. Det har vore prestegard på staden sidan mellomalderen.Skre (1988), s. 67 Det fiskarkapellet som no står på Maihaugen, vart ifylgje tradisjonen flytta til prestegarden frå Øyra ved Gudbrandsdalslågen omkring reformasjonen.Skre (s. 69) viser til ei innskrift i kallsboka for Fåberg frå 1759 som han tolkar som ei intern flytting av kapellet på prestegardstomta. Bygningen stod her til Anders Sandvig kjøpte materialane og flytta han.
Prestegardsbygningane av i dag er av noko nyare dato. Våningshuset frå 1838 og stabburet frå 1898 er freda.Kulturminnesøk. Våningshuset er i dag forpaktarbustad etter at ein tidlegare forpaktarbustad vart riven i samband med ei veiutviding, og presten har fått ny bustad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fåberg prestegård» frå , den 1. juli 2014.
Bakgrunnsstoff Aksel Hattestad: Prestegården (gnr. 162) (Fåberg og Lillehammer historielag)
Kategori:Kulturminne i Lillehammer Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Byggverk i Lillehammer Kategori:Gardar i Innlandet