Rasmus Olsson Tveteraas () var ein norsk skulemann, skribent og politikar frå Haus i Hordaland. Han representerte Venstre på Stortinget frå 1924 til 1930.
Han var son til ein gardbrukar. Etter eksamen ved Stord seminar var Tveteraas lærar i Høgsfjord i tida 1883-90. Frå 1892 var han lærar ved skular i Stavanger, sidan 1906 styrar ved Sandviken skole og 1910 Våland skole. Han avslutta yrkeslivet som skuleinspektør i Stavanger, 1922–1933.
Medan han var i Høgsfjord vart Tveteraas vald inn i heradsstyret. I Stavanger var han bystyremedlem frå 1898 til 1934, unnateke valperioden 1902-04. Tveteraas var varamann for Venstre, og ein valkrins som omfatta heile fem byar, til Stortinget i periodane 1922-24 og 1925-27. Han møtte frå 25. juli 1924, då Lars Oftedal vart sosialminister, og hadde sete på tinget til midt i neste valbolken, då Lars Meling atter tok plass i Stortinget ettersom regjeringa han sat i gjekk av. Perioden 1928-30 hadde Tveteraas fast stortingsplass og var medlem av kyrkje og sosialkomiteen.
Tveteraas var i mange år formann i Rogaland Historielag og redaktør for Rogaland Historielags årshefte, samt medlem av hovedstyret Det norske Misjonsselskap. Frå 1891 gav han ut fleire forteljingar og diktsamlingar.
Kjelder Norsk Allkunnebok, X. bandet. 1966 SND
Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Stavanger