An-Nabk«An Nabk City - Syria» Homs Online eller Al-Nabk (arabisk النبك) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Rif Dimashq og er senteret i Qalamoun. Han ligg 81 km nord for Damaskus og sør for Homs, 1255 meter over havet I 2014 hadde han 90 000 innbyggjarar, og var dermed den 35. største byen i Syria. St. Moses abyssinaren-klosteret (Deir Mar Musa al-Habashi) ligg i Anti-Libanonfjella nær Nabk og er datert attende til minst 500-talet. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar, katolikkar og syrisk kristne.Smith, 1841, s. 173.
Historie Al-Nabk vart nemnt av arabiske geografar på 1100- og 1200-talet. Ibn Jubayr skreiv at det var ein landsby nord for Damaskus «med mykje rennande vatn og vide enger.» Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at han «er ein fin landsby med glimrande forsyningar. Her er ei merkverdig kjelde som har kaldt vatn om sommaren, og klårt, flott vatn. Dei seier at kjelda er ved Yabrud.»le Strange, 1890, s.511.
Landemerke Deir Mar Musa al-Habashi, klosteret for St. Moses abyssinaren, ligg oppom byen i vest.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «An-Nabk» frå , den 3. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Al Nabk.net Al Nabk.com 4nabk.com
Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i An-Nabk-distriktet