Dumeir, Dumair, Damir eller Dumayr (arabisk ضمير eller الضمير) er ein by som ligg 40 kilometer nordaust for Damaskus i Syria.

Arkeologi Det romerske Dumeirtempelet ligg midt i gamlebyen. Det var tileigna Zevs Hypsistos i 245 evt. i regjeringstida til den romerske keisaren Filip arabaren. Det finst likevel ein tidlegare referanse til bygningen i eit søksmål i 216. Eit altar tileigna til den semittiske guddomen Baal Shamin i 94 evt., no i Institut du Monde Arabe i Paris, indikerer at ein nabateisk religiøs bygning stod på staden.

Forma er særs uvanleg og konstruksjonen kan ha først vore ein offentleg fontene eller skysstasjon, men i den endelege forma er det heilt klårt eit tempel. Det vart befesta i arabisk tid, og bogen på bakveggen vart fylte att med steinar og forsvarsutstyr.

Tempelet har sidan blitt restaurert og tilbakeført til slik det opphavleg var.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Dumayr» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Romerske stader i Syria Kategori:Arkeologiske stader i Rif Dimashq guvernement Kategori:Busetnader i Douma-distriktet Kategori:Byar i Syria