Inkhil (arabisk أنخل, òg skrive Ankhil) er ein by i al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria, nord for Daraa og like aust for Golanhøgdene på Hauransletta. I 2004 registrerte Syrisk statistisk sentralbyrå eit folketal på 31 258.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement.

Historie Under Romarriket var Inkhil dominert av det ghassanidske arabiske kongedømet, ein vasall under romarane, basert i den nærliggande Jabiya i vest.Shahid, s.203. Blant ruinane i byen finst det ein stor villa, datert til 100-talet evt.. Inne i bygningen er ein stor kvelva sentral hall, som er knytt til fleire rom med byster og andre bysantinske skulpturar av basalt. Fasaden har ein særs dekorert inngang og konkylieforma nisjer.Ball, s.240-241.

Byen bestod av kring 50 hus tidleg i 1840-åra og alle innbyggjarane var muslimar.Royal Geografikal Society, s.335. I Palestine Exploration Fund sitt Quarterly Statement vart Inkhil registrert å vere ein «liten plass med 55 til 60 hus».Palestine Exploration Fund, s.190.

Inkhil var ein av dei første byane som deltok i opprøra som førte til den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad i mars 2011 etter demonstrasjonane i Daraa.Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01. Henta den 1. juli 2014. Den 19. august vart fire demonstrantar drepne og dusinvis skadde etter at syriske tryggingsstyrkar skaut mot demonstrasjonen frå ein moské etter fredagsbøna.Inkhil Live Blog. Al Jazeera English. 2011-08-19. Henta 1. juli 2014.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inkhil» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Al-Sanamayn-distriktet