Manin (arabisk منين) er ein liten by sør i Syria kring 18 kilometer nord for Damaskus. Manin er ein populær turiststad, omgjeve av sju små fjell med Manindalen i mellom. Maninelva renn frå fjellet «Al-Ain» (arabisk العين) og held fram til ho når forstadane av Damaskus. Landsbyen ligg kring 1200 meter over havet.Boulanger, 1966, s. 303. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Manin eit folketal på 17 521 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. I 1960-åra vart han rapportert å vere ein forholdsvis stor landsby med 3 200 innbyggjarar.

Nyare oppdagingar ved eit anna fjell kalla Mar Takla (frå arabisk مار تقلا, St. Thecla) syner at byen har hatt ei lang historie, særleg i romersk og bysantinsk tid, med to tempel skore ut i klippene i fjellet med mange hus og graver.معابد منين , تأليف محمود حمود و ابراهيم عميري St. Helena fekk bygd to kyrkjer i Manin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Manin» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Al-Tall-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria