«Småting» er ein song av Hanne Krogh og Benny Borg & Grethe Kausland frå 1972. Songen er skriven av Ivar Børsum og Kåre Grøttum.

Eurovision Melodi Grand Prix 1972 «Småting» deltok i Melodi Grand Prix 1972, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Hanne Krogh med eit lite orkester, og så på nytt av Benny Borg & Grethe Kausland med eit stort orkester. Bidraget vann med 43 poeng.

Eurovision Song Contest 1972

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1972 fekk «Småting» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1972. Benny Borg & Grethe Kausland framførte songen på norsk, og enda på 14. plass med 73 poeng; sju frå Finland, seks frå Irland og Luxembourg, fem frå Spania, Portugal, Malta og Jugoslavia, fire frå Vest-Tyskland, Storbritannia, Sverige, Monaco, Belgia og Nederland, tre frå Frankrike og Austerrike og to frå Sveits og Italia. Carsten Klouman var dirigent.

Fotnotar

Kategori:Melodi Grand Prix 1972-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1972-songar Kategori:Norskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Hanne Krogh-songar Kategori:Benny Borg-songar Kategori:Grethe Kausland-songar Kategori:Songar skrivne av Ivar Børsum Kategori:Songar skrivne av Kåre Grøttum