Dei fem søylene i islam er namnet på dei mest grunnleggjande rituala i sunni-islam. Omgrepet vert ikkje nytta i sjia-islam, men rituala er å finna att i Usūl al-Dīn (religionen sine røter) og Furū al-Dīn (religionen sine greiner).

Dei fem søylene i islam Trusvedkjenninga (Sjahada) - erklæringa av at ingen er verd å dyrka unnateke Gud og at Muhammed er Gud sin bodbringar. Bøn (Salát) - dei fem daglege bønene Almissar (Zakat) - som generelt er 2.5 % av oppsparte midlar for den rike i handel og industri og 10% til 20 % av årleg produksjon for jordbrukarar. Desse pengane, eller produkta, vert distribuert blant fattige. Faste (Sawm) - å lata vera å eta, drikka og ha seksuell omgang mellom soloppgang og solnedgang i fastemånaden ramadan, den niande månaden i den islamske kalenderen. Pilegrimferda til Mekka (Hadj) - pilegrimsferda vert gjort i månaden Zul Hijjah, og alle muslimar som er i stand til å utføra ho skal reisa i pilegrimsferd minst ein gong i løpet av livet.

Andre søyler? Hjå khawaridjittane, ei tidleg muslimsk sekt, samt hjå enkelte moderne djihadistar, vert djihad (bokstaveleg tala strev, men gjerne tolka som heilag strid) rekna for å vera ei sjette søyle i islam. Ismailiane, ei retning av sjia-islam har sju søyler:

walaiah, kjærleik til Gud, profetane, imamen og dai-en. tahara, reinleik salah, bøna zakah, almissar sawm, faste hadj, pilegrimferda djihad, strev for Guds sak.

Drusarane, ei omstridd muslimsk gruppe har også sju søyler, dei fem vanlege, i tillegg til truskap mot imamen og strev for Gud sak.

Søylene i islam Kategori:Muslimsk teologi