HB «Sundfoil I», seinare HB «Tjelden», var ein hydrofoilbåt som vart levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal for AB Sundfart i Malmö i Sverige.
I 1965 vart båten seld til AB Sundtrafik i Hälsingborg, før han i 1966 vart seld til A/S Masl (Leon Bodd) i Oslo. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap kjøpte inn båten i 1968 og gav han namnet «Tjelden». I 1980 vart namnet endra til «Tranen».
Båten vart i 1982 seld til Audun Ørgersen, som demonterte foilane og nytta han som husbåt. I september 1986 vart han seld til Erik A. Lien i Ask/Bergen. I juli 1992 vart båten observert hos Brødrene Anda i Stavanger og vart klargjort for hogging. I mai 1995 var båten hogd.
Rute H/B «Tjelden» gjekk i rute mellom Bergen og Ølen i Sunnhordland, med stopp undervegs i Leirvik, Tittelsnes og Skånevik. Ruten vart utført to ganger dagleg tur/retur.
Kjelder Skipet.no Sveio på Fjordfähren (tysk)
Kategori:Svenske passasjerskip Kategori:Båtar frå Agder Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1963 Kategori:Skip bygde ved Westermoen Hydrofoil Kategori:1963 i Noreg Kategori:Skip sluttsegla i 1992