MF «Jondal» var ei bilferje levert frå Mjellem & Karlsen i Bergen i mai 1974 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja vart sett inn i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal, der ho gjekk fram til 1977.
Ferja er framleis i reiarlaget som endra namn til HSD Sjø i 2001 og Tide Sjø i 2006, før det vart ein del av Norled. Ferja vart modernisert av Nordtveit AS i Nordtveitgrend i 1996 og sett inn i sambandet Tørvikbygd-Jondal. I november og desember 2011 vart ho på ny renovert innvendig og hovudmaskinen fekk niteogendioksidreduksjon.
Sidan 2006 har ferja vore i fart som reserveferje.
Ferjesamband 1974 - 1977: Kinsarvik-Utne-Kvanndal 1996 - 2006: Tørvikbygd-Jondal 2006: Halhjem-Våge
Som reservereferje Kinsarvik-Utne-Kvanndal (som sommarferje og reserveferje om vinteren) Sommer 2010: Gjermundshamn-Løfallstrand November-desember 2011 Sidan januar 2012 B-ferje på Kinsarvik-Utne-Kvanndal
Kjelder Skipet.no «Jondal» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Jondal» på marinetraffic.com Video av «Jondal» i sambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik.
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Bergen Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1974 Kategori:Skip bygde ved Mjellem & Karlsen Kategori:1974 i Noreg