Schneebiger Nock er ein 3 358 meter over havet høg fjelltopp i Hohe Tauern i Alpane. Fjelltoppen ligg i provinsen Bolzano i Italia. Schneebiger Nock er det nest høgste av Rieserferner-fjella, eit fjellområde vest i Hohe Tauern. Fjellet ligg i Naturpark Rieserferner-Ahrn/Parco Naturale Vedrette di Ries-Aurina.
Den austerrikske erkehertugen Rainer Ferdinand, Heinrich Wurmbrand og fjellførarane Georg Auer og Johann Oberarrbacher, samt Georg Weiss kleiv til topps som dei aller fyrste, den 6. oktober 1866. I dag vert toppen av Schneebige Nock nådd frå Kasseler Hütte på nordaustsida, eller frå Rieserfernerhütte på sørsida. Med si markante pyramideform og den særprega egga er toppen eit ynda mål for fjellturistar og som utsynspunkt.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schneebiger Nock» frå , den 22. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia