Hintere Brochkogel er eit 3 628 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol, det tredje høgste i fjellkjeda.
Toppen av fjellet er året rundt dekt av is og snø. Han har form som ei flatvoren pyramide, med markerte egger mot nord, søraust og sørvest. Breslauer Hütte er vanleg utganspunkt for dei som vil til topps på Hintere Brochkogel, eit kortare turalternativ enn til Wildspitze.
Eldste dokumenterte toppturen på fjellet fann stad 2. august 1858 og vart gjennomført av Albert Wachtler og fjellføraren hans, Leander Klotz frå landsbyen Vent.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hinterer Brochkogel» frå , den 24. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike