Schwarzenstein er ein 3 369 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet ligg på hovudfjellkjeda i området. Langs alle fjellsidene breier isbrear seg.
I august 1852 kleiv dei fyrste menneska til topps på Schwarzenstein. Turen vart føreteke som ein del av den militære oppmålinga av landet. Ein oberst Langner og folka hans gjekk opp frå Luttach i Ahrntal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schwarzenstein (Zillertaler Alpen)» frå , den 25. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia