Euxenitt er eit mineral som er ganske utbreidd på norske granittpegmatittgangar, særleg på Sørlandet. Det er brunt til svart, har sterk glans og er tungt. Mineralet er radioaktivt og opptrer i metamikt tilstand. Den kjemiske formelen kan forenkla skrivast AB2O6, der A står for lantanoid, kalsium, jarn, uran, thorium osb., og B står for niob, tantal og titan. Sidan yttrium er det mest framtredande av A-grunnstoffa, skal mineralet no heite euxenitt-(Y). Det titanrike endeleddet kallast polykras-(Y).

Eit nært nærskyldt mineral er aeschynitt. Både euxenitt og aeschynitt har rombisk symmetri, men med ulik krystallutvikling. Dei fleste av desse minerala er skildra første gongen frå norske førekomstar (euxenitt 1840, polykras 1844, blomstrandin eller aeschynitt-(Y) 1906).

Kjelder Euxenitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/euxenitt.

kategori:Kalsiummineral kategori:Thoriummineral kategori:Uranmineral kategori:Lantanidmineral kategori:Niobmineral kategori:Tantalmineral kategori:Titanmineral kategori:Yttriummineral kategori:Oksydmineral kategori:Ortorombiske mineral Kategori:Radioaktive mineral