Schrandele er ein 3 393 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen, som har form som ein pyramide, høyrer til fjellområdet «Alpeiner Berge».

Schrandele er ein lite besøkt fjelltopp, då det krevst klateerfaring for å kome til topps. Fjellturistane i området går i staden på Schrankogel, ein topp i grannelaget som både er høgre og mykje lettare å nå.

Alois Tanzer skal ha vore den fyrste til topps på Schrandele. Sist i 1860-åra var han opp på toppen i eit oppdrag i høve landoppmåling.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schrandele» frå , den 28. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol