Hemimorfitt eller kiselsinkerts er eit fargelaust eller kvitt mineral med rombisk symmetri. Det finst ofte i oksidasjonssonen i sinkførekomstar.
I Noreg er det kjent frå ein kontaktførekomst på Grua på Hadeland. Det er kjemisk eit vasshaldig sinksilikat Zn4Si2O7(OH)2·H2O.
Kjelder Hemimorfitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
kategori:Sorosilikat kategori:Sinkmineral kategori:Ortorombiske mineral