Hintere Bratschenkopf er eit 3 413 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Fjelltoppen er grei å gå til frå fjellhuset Heinrich-Schwaiger-Haus, og såleis eit ynda turmål og utsiktspunkt.
Toppen vart vitja fyrste gongen den 18. september 1869 av den tyske fjellklatraren Karl Hofmann og kjøpmannen Johann Stüdl, i lag med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner. Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Klockerin og Große Bärenkopf.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hinterer Bratschenkopf» frå , den 31. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike