Kornerupin er eit relativt sjeldan mineral, som oftast med gulgrøn til mørkegrøn farge. Finst i visse metamorfe bergartar.

Edelsteinskvalitet er kjent frå Madagaskar. Det er kjemisk eit hydroksylhaldig borosilikat av magnesium og aluminium, Mg4(Al,Fe)6(Si,B)4O21(OH), med rombisk symmetri. Kornerupin er ein verdifull edelstein, når han finst i gjennomskineleg grøn- og gulfargar. Den smaragdgrøne varieteten er særskild ettertrakta.

Mineralet vart først skildra i 1884 etter ein førekomst i Fiskernæs sørvest på Grønland. Han vart kalla etter den danske geologen Andreas Nikolaus Kornerup (1857–1883).

I Noreg er det funne i Bamble-traktene og på Modum.

Kjelder Kornerupin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kornerupin.

kategori:Sorosilikat kategori:Ortorombiske mineral