Cornelius Holmboe () var ein norsk jurist og politikar, fødd i Tromsø.

Holmboe, som var son til ein lækjar, vart cand.jur. i 1903 og arbeidde så nokre år i arbeidarpressa, og vart ein kjend agitator i arbeidarrørsla. Han var fyrst redaktør i Solungen på Flisa, og frå 1908 av Den 1. Mai i Stavanger. I 1909 slo han seg ned i fødebyen Tromsø og praktiserte som sakførar til han i 1937 vart tilsett som sorenskrivar i Nedre-Hedmark.

Vinteren 1928 var Holmboe justismister i den kortliva Hornsrud-regjeringa, leidd av Christopher Hornsrud.

Holmboe døydde i Oslo i 1947 og vart gravlagd på Hamar.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955

Kategori:Norske justisministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Hornsrud Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Tromsø