Lasulitt eller lazulitt er eit blått mineral som særleg finst i kvartsittar og andre metamorfe bergartar og på pegmatittgangar. Kjemisk sett er det eit fosfat av magnesium og aluminium, med formel MgAl2(PO4)2(OH)2.
Det er kjent mellom anna frå Horrsjöberg i Sverige og i vene krystall frå Georgia i USA og Yukon i Canada. I Noreg er det kjent frå kyanitt-førande bergartar på Saltfjellet og i Elverum.
Det vart først skildra i 1795 etter ein førekomst i Steuermark i Austerrike. Namnet kjem frå det tyske lazurstein.Handbook of Mineralogi
Kjelder Lasulitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/lasulitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Aluminiummineral kategori:Jernmineral kategori:Magnesiummineral kategori:Fosfatmineral kategori:Monokline mineral