Flaneri (frå fransk flânerie, 'slentring') er ein litterær sjanger med ein uformell, personleg stil som gjer seg betraktingar rundt det som skjer i tida.
Hallvard Rieber-Mohn har kalla flaneriet «...en krysning av novelle, epistel og kåseri, tilsatt en knivsodd 'fortrolig samtale med leseren'».Frå forordet til Odd Eidems Fløyten og Orgelet Engelske Virginia Woolf skreiv mykje innan denne sjangeren, medan det i Noreg var Odd Eidem som etablerte han på 1960- og 1970-talet, gjennom mange godtseljande bøker med undertittel «Flanerier».
Nemninga «flanør» om ein som slentrer rundt blei brukt av Charles Baudelaire og Walter Benjamin for å skildra moderniteten i storbyen.
Bakgrunnsstoff Tone Selboe. «Flanøren, tilskueren og Virginia Woolf», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nummer 2, 1998.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Flanør» frå , den 26. september 2010.
Kategori:Litteratursjangrar Kategori:Gonge