Stor husedderkopp (Eratigena atrica) er ein edderkopp i traktedderkoppfamilien. Han er ein av dei største edderkoppane i Sentral- og Nord-Europa. Frå forbein- til bakbeinspiss kan han målast opptil 8–10 cm. Edderkoppen er nært i slekt med liten husedderkopp som er noko mindre.

Edderkoppen vert ofte funnen i hus i Noreg om hausten. Som med dei aller fleste edderkoppane har han eit giftig bit. Bitet vert rekna som ufarleg for menneske, men vert skildra som smertefullt.

Kjelder

Bakgrunnnsstoff

Kategori:Traktedderkoppar Kategori:Dyr i Noreg