Stilpnomelan er eit glimmerliknande mineral som opptrer i visse lågmetamorfe skifrar og i einskilde jernmalmførekomstar. Mineralet er eit hydroksylhaldig silikat med komplisert samansetjing, vesentleg med kalium og to- og treverdig jarn. Den kjemiske formelen er K(Fe2+,Mg,Fe3+)8(Si,Al)12(O,OH)27.

Det vart først skildra i 1827 etter ein førekomst i Mähren i Tsjekkia.

I Noreg er det mellom anna kjent frå einskilde grønsteinar og fyllittar, og dessutan frå druserom i grefsensyenitt i Oslofeltet og frå granittpegmatitt i Evje.

Kjelder Stilpnomelan. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stilpnomelan.

kategori:Fylosilikat