Jörg Drehmel () er ein tysk friidrettsutøvar frå landsbyen Trantow i forbundslandet Mecklenburg-Vorpommern, som deltok internasjonalt i tresteghopp. Han vart europameister i øvinga 1971, og tok sølvmedaljen under sommar-OL 1972.
Aktiv Etter å drive med tikamp, satsa Drehmel frå 1966 på tresteghopp. Han sette personleg rekord med 16,27 m i 1968 og kom opp i europa-eliten i 1969, då han vart nummer seks i EM. I 1970 vann han trestegtevlinga under Europacupen for landslag med 17,13 m og vart den fyrste tyskaren over 17 meter.
I 1971 vann Drehmel gullmedaljen i tresteg under friidretts-EM i Helsingfors med eit hopp på 17,16 m, seks centimeter føre Viktor Sanejev frå Sovjetunionen. Vinnarhoppet vart prestert i for mykje vind til at det kunne godkjennast som rekord. Året etter gjorde han sitt livs lengste tresteghopp under OL i München, men 17,31 m var ikkje nok til å vinne OL-gull, Viktor Sanejev forsvarte OL-tittelen frå 1968 med ein margin på fire centimeter.
Drehmel vart austtysk meister i tresteghopp i 1969-72 og 1974.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1969 i Aten: Nr 6 – 16,23 m EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje – 17,16 m, framom Viktor Sanejev (17,10 m) OL 1972 i München: Sølvmedalje – 17,31 m, bakom Viktor Sanejev (17,35 m) EM 1974 i Roma: Nr 4 – 16,54 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jörg Drehmel» frå , den 16. august 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972