Svibel (Hyacinthos orientalis) eller hyasint er ein fleirårig laukplante i svibelslekta som er mykje brukt som prydplante. Blomane har sterk, søt lukt, og det finst ulike varietetar med mange ulike blomefargar. Planten har namn etter den greske sogefiguren Hyakinthos. mini|venstre|Illustrasjon av ulike typar sviblar med lauk.

Svibel stammar frå Sørvest-Asia, og har vore dyrka i fleire hundreår. Han kan veksa på friland eller dyrkast i potter, særskide glas og liknande. Han er knytt til feiringa av persisk nyttår (navroz), der han ofte blir brukt til å pynta haft sin-bordet. I vestlege land som Noreg er det vanleg å driva han fram innandørs slik at han blomstrar ved juletider.

Allereie i 1768 var det kjend ca. 1800 sortar av sviblar. Særleg i Nederland har ein drive storstilt dyrking av planten, og landet er kjend for å produsera gode laukar.

Sviblar er rekna som giftige, og plantesafta deira kan vera irriterande. Den sterke lukta dei gjev frå seg kan også skapa allergiske reaksjonar.

I Noreg er svibel ein framandart som er kjend frå noke få funn i norsk natur. I Framandartslista 2023 er arten rekna for å ha låg risiko (LO).

Bilete

Kjelder

Sissel Alvestad, «Hyasinter« , vea-fs.no «Hyasint» (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 21. august 2014. «Jamshed Navroz Traditions», festivals.iloveindia.com «Navroz Mubarak! Nourouz Norouz Nawroz - Eid Mubarak!», amaana.org

Bakgrunnsstoff

Kategori:Juleplantar Kategori:Svibelslekta Kategori:Laukplantar Kategori:Giftige plantar