Vincent Colaiuta () er ein amerikansk trommeslagar frå Los Angeles. Han byrja å spele trommer som barn og fekk det første trommesettet sitt av foreldra då han var fjorten år gammal. Han er kjend for den tekniske dugleiken og dei mange musikalske stilartane han har spelt i for mange artistar i mange sjangrar.
Karriere Etter å ha gått på Berklee College of Music i Boston i eitt år, hadde Colaiuta det første gjennombrotet sitt som medlem av Christopher Morris Band i 1976-1977. Han spelte med dei inn plata Christopher Morris Band (MCA 2282) i 1977 og flytta med bandet til Los Angeles. Etter han slutta i Christopher Morris Band, spelte han ei stund med loungeband. Det neste gjennombrotet hans kom i april 1978, 22 år gammal, då han prøvespelte for Frank Zappa, der han måtte framføre det særs vanskelege stykket kalla «The Black Page». Prøvespelinga var ein suksess og Colaiuta arbeidde med Zappa som den fremste trommeslagaren hans i både studio og på konsertane hans. Han spelte på dei suksessrike albuma Tinsel Town Rebellion, Joe's Garage og Shut Up 'n Play Yer Guitar. Joe's Garage vart kåra til eit av dei 25 beste trommeplatene nokon gong i 1993 av Modern Drummer.
Steve Vai fortalte om kor dugande Colaiuta var til å spele den særs komplekse musikken til Zappa og dei komplekse polyrytmane:
Han er ein av dei mest utrulege notelesarane som nokon gong har eksistert på det instrumentetet. Ein dag me var på øving med Frank, dette var tidleg i 80-åra, kom Frank med eit musikkstykke kalla «Mo 'N Herb's Vacation.» Heilt vanvittig komplekst. Trommene var skriven heilt ut på notearket, akkurat som «The Black Page» bortsett frå at det var til og med meir komplisert. Det var desse passasjane med 17 over 3 og kvart trommeskinn er oppført forskjellig. Og det var mange folk der. Eg trur Bozzio var der. Vinnie hadde notane på eit stativ føre seg. Til venstre for seg hadde han eit anna stativ med ein sushitallerken. Tempoet i stykket var ganske langsamt, som «The Black Page.» Og så kom det første riffet inn med alle desse cymbal- og hi-hat-stoppa, riffa, dei spinnande rototomane og alt det sprø greiene der. Og eg såg at Vinne las dette. Vinnie hadde for vane å dytte brillene sine opp med langfingeren på høgrehanda. Eg såg at han såg på notearket, det var den siste takten på sida. Han byrja å spele samstundes som han vendte sida med ei hand, og så snart sida var snudd, heldt han fram å spele riffet med høgre handa, strekte seg over med venstre handa og tok eit stykke sushi som han putta i munnen, heldt fram riffet med venstrehanda og foten, dytta brillene opp, og spelte resten av takten. Det var det sleipaste eg nokon gong har sett. Frank kasta musikken sin opp i lufta. Bozzio snudde og gjekk ut. Eg berre byrja å le.Okay Vinnie, Where's Five? by Don Zulaica, Drum! Magazine, 2003
Colaiuta er nemnt i Frank Zappa-songen «Catholic Girls» av rollefiguren Mary.
Studioarbeid
Etter å ha forlate Zappa arbeidde Colaiuta med ei lang rekkje kjende rocke- og popartistar, som Gino Vannelli, Joni Mitchell, Barbra Streisand, Jay Vaquer, Clannad, Wang Chung, Chaka Khan, Megadeth, The Beach Boys, Leonard Cohen og Jeff Beck. Han har òg spelt med mange kjende jazzmusikarar, som Chick Corea, Herbie Hancock, Jimmy Haslip, Quincy Jones, The Buddy Rich Big Band og Buell Neidlinger. Han har òg spelt med Chuck Loeb, David Goldblatt, David Sancious, Dean Brown, Jeff Porcaro, Jim Beard, John Patitucci, Joe Satriani, Mark Egan, Gigi D'Alessio, Robben Ford og Tim Landers.
1990-åra mini|230px|right|Colaiuta med Kenny Garrett I 1990 prøvespelte Colaiuta med suksess som trommeslagaren for turnebandet til Sting til støtte for albumet hans The Soul Cages. Colaiuta vart verande medlem av bandet til Sting dei neste sju åra. Han avslo eit tilbod om å bli med på turne for Brand New Day-turneen i 1999 fordi ein typisk Sting-turné varte så lenge. Colaiuta speler på Sting-albuma Ten Summoner's Tales (1993), Mercury Falling (1996), tre songar på Brand New Day (1999) og to songar på Sacred Love (2003). I september 2003 spelte han med Sting på ein kort promoturné for Sacred Love, men var ikkje med på verdsturneen. I 2011 spelte han derimot med Sting på Back to Bass Tour.
Colaiuta gav ut eit soloalbum i 1994, og heldt fram å vere ein av dei mest etterspurte studiomusikarane i verda og spelte på ei rekkje album,Allmusic Review [ Allmusic Biography Vinnie Colaiuta Credits] filmmusikk, fjernsyn og radiojinglar. Han er kjend for å øve og stadig prøve å verte betre: Dom Famularo, ei kjend trommelærar og ein ven av Colaiuta fortalte at ein gong han vitja Colaiuta, så opna han døra samstundes som han øvde på ei trommepute. Etter å ha stått nokre minutt i døropningen sa Colaiuta: «Eg er ein dårleg vert, eg har ikkje tilbydd deg noko! Vil du ha ei trommepute?»
Colaiuta har vunne i alt 18 Årets trommeslagar-prisar frå Modern Drummer. Desse omfattar 10 prisar i «Best Overall»-kategorien. Colaiuta vart innlemma i Modern Drummer Hall of Fame i 1996. Magasinet har òg omtalt Colaiuta som den viktigaste trommeslagaren i vår tid.
Sidan 2000 mini|280px|venstre|Five Peace Band (Chick Corea ikkje i biletet)
I 2004 spelte Colaiuta trommer på filmmusikken til Elektra sidan regissøren Rob Bowman var stor fan.
I 2006 og 2007 turnerte Colaiuta med Jeff Beck og Tal Wilkenfeld på bass, med Jason Rebello på klaverinstrument, på Eric Clapton sin Crossroads Guitar Festival.
Colaiuta spelte og turnerte med Faith Hill, spelte inn plate med thrashmetal-gruppa Megadeth på The System Has Failed, og turnerte med Jeff Beck og Herbie Hancock.
Hausten 2008 turnerte Colaiuta Europa med John McLaughlin, Chick Corea, Kenny Garrett og Christian McBride i Five Peace Band.
I 2009 spelte han i eit band i lag med tidlegare Zappa-musikarar, kalla The Mar Vista Philharmonic, med Tommy Mars, Bruce Fowler, Walt Fowler, Arthur Barrow, for Jon Larsen sitt Zonic Entertainment.
Diskografi
Med Frank Zappa Joe's Garage (1979) Saarbrucken (1979) Tinseltown Rebellion (1981) Shut Up 'n Play Yer Guitar (1981) The Man From Utopia (1983) Guitar (1988) Any Way the Wind Blows (1991) Strictly Commercial (1995) You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 (1988) You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 (1991) You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 (1992) The Lost Episodes (1996) Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute (1996) Have I Offended Someone? (1997) Son of Cheep Thrills (1999) Halloween (2003) Trance-Fusion (2006) Buffalo (2007)
Med Joni Mitchell Wild Things Run Fast (1982) Dog Eat Dog (1985) Night Ride Home (1991) Hits (1996) Misses (1996) Songs of a Prairie Girl (2005)
Med Sting Acoustic Live in Newcastle (1992) Ten Summoner's Tales (1993) Mercury Falling (1996) Brand New Day (1999) Sacred Love (2003)
Utvald diskografi
2013 Jeff Lorber, «Hacienda» 2013 Joe Satriani, Unstoppable Momentum 2012 Drew Zingg, «Drew Zingg" 2012 Dominic Miller, Fifth House 2011 Steve Kusaba, Centrifugal Satz Clock: Morning 2011 Jay Vaquer, Umbigobunker!? 2011 Doug Lunn, The Doug Lunn Project 2010 Brian Bromberg, «Bromberg Plays Hendrix» 2010 Kermit Driscoll, Reveille 2010 Anna Mjöll, Christmas Jazzmaz 2010 Jeff Richman, Like That 2010 Lee Ritenour, 6 String Theory 2010 Herbie Hancock, The Imagine Project 2010 Jeff Beck, Emotion & Commotion 2010 Mark Egan, Truth Be Told 2009 The Mar Vista Philharmonic, No Forest Fire 2009 Luciana Souza, Tide 2009 Eros Ramazzotti, Ali e Radici 2009 Various Artists, 80s Metal: A Double Dose 2009 Melody Gardot, My One & Only Thrill 2009 Five Peace Band, Five Peace Band (Live) 2009 Soup From 8 To Infinite 2009 James Newton Howard, Duplicity (Soundtrack) 2009 Torcuato Mariano, So Far from Home 2009 Madeleine Peyroux, Bare Bones 2008 Taro Gold The Diamond You 2008 Asia, Progressive Rock Friends 2009 Jeff Beck Performing This Week: Live at Ronnie Scott's (Blu-ray DVD) 2008 Jeff Beck Performing This Week...Live At Ronnie Scott's 2008 Luz Rios, Aire 2008 Brian Culbertson, Christmas & Hits Duos 2008 Megadeth, Anthology: Set the World AFire 2008 Various Artists, Les Paul and Friends: Tribute to a Legend 2008 Simone Borghi, On Line 2008 River: The Joni Letters med Herbie Hancock 2008 Herbie Hancock, Then & Now: The Definitive Herbie Hancock 2008 Dave Koz, Greatest Hits 2008 George Duke, Dukey Treats 2008 L.A. Chillharmonic, The L.A. Chillharmonic 2008 Glen Campbell, Meet Glen Campbell 2008 Vibes Alive, After Hours 2008 Los Temerarios, Si Tu Te Vas 2008 Leonard Cohen, The Collection 2008 Chanté Moore, Love The Woman 2008 Various Artists, The Ultimate Tribute to Led Zeppelin 2008 LeAnn Rimes, LeAnn Rimes Collector's Edition Tin 2008 Julia Francis, Lucky Penny 2008 Boyz II Men, Motown Hitsville USA (Tour Edition) (W/DVD) 2008 Andrea Bocelli, Vivere: Best Of Andrea Bocelli (Bonus Track) 2008 Backstreet Boys, Unbreakable: Tour Edition (Bonus DVD) 2008 Randy Jackson, Randy Jackson's Music Club 2008 Michael McDonald, Soul Peak 2008 Celine Dion, X2 2008 Ilona, Alla en el Sur 2007 Megadeth, Warchest 2007 Faith Hill, Hits 2007 Bill Medley, Damn Near Righteous 2007 Les Sabler, Sweet Drive 2007 Chris Botti, Italia 2007 Pat Monahan, The Last of Seven 2007 Oz Noy, Fuzzy 2007 Kristina Kovac, U nebranom groždu 2007 Travis Tritt, The Storm 2007 Dean Martin, Forever Cool 2007 Billy Cyrus, Ray Home At Last 2007 Various Artists, Freeway Jam: To Beck and Back 2007 Mark Isaacs, Resurgence 2007 Michael Bublé, Call Me Irresponsible 2007 Brian Buckley, For Her 2007 Jeff Babko, Mondo Trio 2007 Jeff Lorber, He Had a Hat 2007 Daniel Lee Martin, On My Way to You 2007 Various Artists, We All Love Ennio Morricone 2007 Brian Bromberg, Downright Upright 2007 Jill Scott, Jill Scott Collaborations 2007 Wayne Bergeron, Plays Well With Others 2006 Various Artists, Legends Of Jazz With Ramsey Lewis plateboks 2006 Laura Pausini, Yo Canto 2006 Michelle Tumes, Michelle Tumes 2006 Josh Groban, Awake 2006 Brian Culbertson, Soulful Christmas 2006 George Benson, Givin' It Up 2006 Scott Kinsey, Kinesthetics 2006 Bette Midler, Cool Yule 2006 James Taylor, James Taylor at Christmas 2006 Kazu Matsui Project, Pioneer 2006 Jeff Berlin, Aneurythms 2006 The Ten Tenors, Here's to the Heroes 2006 Sam Moore, Overnight Sensational 2006 Richard Bona, Tiki 2006 Lee Ritenour, Smoke 'n' Mirrors 2006 Joanna, This Crazy Life 2006 Greg Adams, Cool To The Touch 2006 Various Artists, Summer Jam Session 2006 Dan Siegel, Departure 2006 Various Artists, 80s Metal Tribute to Van Halen 2006 LeAnn Rimes, Whatever We Wanna 2006 Michael Franks, Rendezvous in Rio 2006 Matt Dusk, Back in Town 2006 Katharine McPhee, «My Destiny"/"Somewhere Over the Rainbow» (CD-Single) 2006 Gregg Rolie, Gringo 2006 John McLaughlin, Industrial Zen 2006 Marilyn Scott, Innocent of Nothing 2006 Various Artists, Return to the Dark Side of the Moon: A Tribute to Pink Floyd 2006 Various Artists, The Royal Dan: A Tribute 2006 Amy Sky, Life Lessons: The Best of Amy Sky 2006 Jeff Beck, Official Bootleg USA '06 2006 Various Artists, Legends of Jazz Showcase 2006 Rob Whitlock, Sketchin' 2 2006 Erin Boheme, What Love Is 2006 Tom Scott, The Very Best of Tom Scott 2006 Various Artists, Pink Floyd's The Wall Revisited 2006 Brian Bromberg, Wood II 2006 Various Artists, Flying High Again: The World's Greatest Tribute to Ozzy Osbourne 2006 Various Artists, Funk Academy 2006 Frank Macchia, Mo' Animals 2006 Chick Corea, The Ultimate Adventure 2006 Bunny Brunel, Dedication 2006 Andrea Bocelli, Amore 2006 Various Artists, More or Less Jazz Two 2006 Jeff Berlin, Ace of Bass 2005 Ashley Maher, Flying Over Bridges 2005 Ricardo Arjona, Adentro 2005 Anastacia, Pieces of a Dream
2005 Eros Ramazzotti, Calma Apparente 2005 Burt Bacharach, At This Time 2005 Destiny's Child, #1's 2005 Various Artists, Mississippi Rising 2005 Various Artists, Revolution Of The Spirit 2005 Chris Botti, To Love Again 2005 Various Artists, 40 Years: A Charlie Brown Christmas 2005 P.J. Olsson, Beautifully Insane 2005 David Garfield, The State Of Things 2005 Kyle Eastwood, Paris Blue