Antelias (arabisk أنطلياس; armensk Անթիլիաս) er ein by i Libanon. Han ligg kring 5 km nord for Beirut. Innbyggjarane er hovudsakleg kristne og include armenarar (hovudsakleg apostoliske kristne), maronittar, gresk-katolikkar og gresk-ortodokse .
Etymologi Namnet er opphavleg gresk, ἀντήλιος – frå ἀντί (anti) og ἥλιος (helios) «sol» – og tyder «vender mot sola».
Kommune Kommunen Antelias - Naqqach ligg i Matn. Antelias - Naqqach ligg 8 km frå Beirut, hovudstaden i Libanon. Han ligg 10 meter over havet og har eit areal på 1,93 km².Kommunen av Antelias
Geografi mini|venstre|St. Gregorius opplysaren-kyrkja (1940) Antelias består av ei frodig kystslette og nokre årsar lenger aust. Det ligg òg ei smal slette på begge sider av Antelias, som spring ut frå ei nærliggande kjelde (Fawar) og går frå aust til vest og ut i Middelhavet.
Tidlegare var kystsletta hovudsakleg planta med appelsin- og banantre, og det var lite utbygging her. På grunn av urbanisering er dei fleste grøne områda erstatta av bustader og handelsbygg.
Antelias vert rekna som porten inn til dei øvre Matn-regionane. Matn er eit av dei mest velståande områda i Libanon, inkludert fleire fabrikkar, kjøpesenter og skular.
Antelias ligg mellom Beirut og byen Jounieh og kystvegen har kvar dag stor trafikk.
Turisme Antelias har ein stor marina og ei strand som mange vitjar frå områda rundt. Garden Tower var det første hotellet som vart bygt i Antelias-området.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antelias» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Matn distrikt Kategori:Armenske samfunn