Frederik Nicolai Jensen (), kjend som Frits Jensen, var ein norsk prest, kunstnar og stortingsmann. Han var bror til statsråd Christian Jensen.
Liv og virke mini|venstre|Ingeborg ved havet, 1845 mini|venstre|Altartavla i Lofotkatedralen er måla av Frits Jensen
Jensen var son til ein kjøpmann i Bergen, og tok studenteksamen ved Bergen katedralskule i 1837. I 1840 var han cand.theol. Året etter reiste han til Kunstakademie Düsseldorf for å utdanne seg til målar. Han studerte der til 1845, til dels med offentleg stipend.
Då han kom heim frå Düsseldorf, prøvde han å leve som kunstnar i Bergen. Han stod bak etableringa av Det norske Theater i Bergen saman med Ole Bull, og var den fyrste instruktøren ved teateret. Ein periode var han også aktiv i Bergens Haandværkerforening.
I 1854 vart han sokneprest i Bø i Vesterålen, deretter hadde same embetet i Steigen til han døydde. Han representerte Nordland på Stortinget 1862-63, der han var medlem av kyrkjekomiteen.
Jensen målan i 1869/70 altartavla i Vågan kyrkje. Ho vart arkivert då kyrkja vart riva og erstatta av Lofotkatedralen i 1900, men hengt opp i 1948 etter kyrkjelyden sitt ynskje.
Altartavla er utgangspunkt for Herbjørg Wassmo sin roman Hundre år.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Denne artikkelen bygger på «Frederik Nicolai Jensen» frå , den 23. august 2014.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske målarar