Nils Jørgen Gregersen () var ein norsk offiser, forfattar og stortingsmann frå Kristiania.

Gregersen var son til ein børsemakar i hovudstaden. Han gjekk krigsskulen frå 1856 til -60 og var deretter tilslutta Trondhjems infanteribrigade, avanserte til kaptein i 1872. Frå 1864 til 1883 budde han i Volda og arbeidde som veginspektør for Sunnmøre og ein del av Nordfjord. I 1891 vart Gregersen utnemnd til oberstløytnant i Telemarkske linjebataljon, med bustad i Skien. Perioden 1893-98 var han oberst i Bergenske brigade, budde i Vik i Sogn. Til sist sjef 1898-1905 for Kristiansandske brigade, busett i Kristiansand.

Medan han budde i Volda, var Gregersen varaordførar i kommunen frå 1872 til -80. I tillegg var han forlikskommissær og medlem av matrikkelkommisjonen. Valbolken 1880-82 representerte han Romsdals amt på Stortinget, sameleis ved omframtstortinget 1882. På Tinget var han medlem av militærkomiteen og slutta seg til venstreopposisjonen. Han flytta til Trondheim i 1883 og var medlem av bystyret frå 1887. Gregersen var medlem av to statlege utval; Militærkommisjonen av 1880 og Vårsildkommisjonen.

Gregersen var ein ivrig jeger og fiskar og gav ut verket Norges Natur i 1909. Året etter kom Hvem berøvede Kong Oscar den norske Krone?. Elles forfatta han fleire militære avhandlingar.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Folk frå Oslo