Gordon Matthew Thomas Sumner (), betre kjend med artistnamnet Sting, er ein engelsk musikar, songar-låtskrivar, multi-instrumentalist, aktivist, skodespelar og filantrop. Han er mest kjend som låtskrivar, songar og bassist for det nyskapande new wave-rockebandet The Police og solokarrieren som følgde.

Sting har nytta mange musikkstilar, med element frå rock, jazz, reggae, klassisk, new-age og worldbeat, i musikken sin.Stephen Thomas Erlewine. [ Sting Biography]. AllMusic. Henta 24. august 2014 Som solomusikar og medlem av The Police har Sting fått 16 Grammyprisar for musikken sin, den første for beste rockeinstrumental i 1980, tre Brit Awards – mellom anna beste mannlege artist i 1994, ein Golden Globe, ein Emmy Award, og fleire Oscarnomniasjonar for beste song. Han vart innlemma i Songwrites Hall of Fame i 2002 og Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Police i 2003. I 2000 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han vart oppført på International Best Dressed List for best kledde mann i 2001.

Inkludert åra med The Police har Sting seld over 100 millionar plater verda over. I Storbritannia har hann fått sju platinaplater, tre gullplater og ei sølvplate, og i USA ni platinaplater og tre gullplater. I 2006 rangerte magasinet Paste han på 62. plass på lista deira over «100 beste nolevande låtskrivarar». Han vart rangert på 63. plass på lista til VH1 over 100 største rockeartistar, og 80. plass på lista til magasinet Q over dei 100 største musikkstjernene på 1900-talet. Sting har òg samarbeidd med andre musikarar, som «Rise & Fall» med Craig David, «Money for Nothing» og den store hitten «All for Love» med Bryan Adams og Rod Stewart.

Diskografi

The Police Outlandos d'Amour (1978) Reggatta de Blanc (1979) Zenyatta Mondatta (1980) Ghost in the Machine (1981) Synchronicity (1983)

Solo The Dream of the Blue Turtles (1985) ...Nothing Like the Sun (1987) The Soul Cages (1991) Ten Summoner's Tales (1993) Mercury Falling (1996) Brand New Day (1999) Sacred Love (2003) Songs from the Labyrinth (2006) If on a Winter's Night... (2009) Symphonicities (2010) The Last Ship (2013) 57th & 9th (2016) 44/876 (2018) My Songs (2019) The Bridge (2021)

Filmar Som skodespelar Quadrophenia (1979) – The Ace Face, the King of the Mods, a.k.a. The Bell Boy i filmutgåva av The Who-albumet Radio On (1980) – Just Like Eddie Artemis 81 (1981) – Engelen Helith (Bfvt. TV film) Brimstone and Treacle (1982) – Martin Taylor, dagdrivar Dune (1984) – Feyd-Rautha Harkonnen Titus Groan – Steerpike (BBC Radio 4-sending basert på romanen til Mervyn Peake) Gormenghast (1984) – Steerpike Plenty (1985) – Mick, ein svartebørshandlar The Bride (1985) – Baron Frankenstein The Adventures of Baron Munchausen (1988) – Ein «heroisk offiser» Stormy Monday (1988) – Finney, ein nattklubbeigar Julia and Julia (1988) – Daniel, ein britisk gentleman Saturday Night Live (1991) – vert The Grotesque (1995), a/k/a Gentlemen Don't Eat Poets og Grave Indiscretion – Fledge Lock, Stock, and Two Smoking Barrels (1998) – J.D., far til Eddie og bareigar

Som seg sjølv Bring on the Night (1985) The Simpsons-episode «Radio Bart» (1992) The Smell of Reeves and Mortimer Episode 5 (1995) The Larry Sanders Show episode «Where Is the Love?» (1996) Ally McBeal sesong fire episode «Cloudy Skies, Chance of Parade» (2001) Everyone Stares: The Police Inside Out (2006) Studio 60 on Sunset Strip (2006) Vicar of Dibley Comic Relief-spesial (2007) Bee Movie (2007) Little Britain USA (2008) som Stomp, frontsongaren i «The Cops» (speler «Fields of Gold») Brüno (2009) Still Bill (2009) Do It Again (2010) Life's Too Short (2011) The Michael J. Fox Show (2013) (syng «August Wind» frå The Last Ship)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sting» frå , den 24. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Ordre des Arts et des Lettres Kategori:Engelske aktivistar Kategori:Engelske new wave-musikarar Kategori:Folk frå Wallsend Kategori:Musikarar frå Newcastle upon Tyne Kategori:The Police-medlemmar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Songwriters Hall of Fame Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Strontium 90-medlemmar