Ahead of Their Time er eit konsertalbum av The Mothers of Invention. Det vart innspelt ved Royal Festival Hall i London i England den 25. oktober 1968 og gjeve ut i 1993 på CD av Barking Pumpkin. Det vart gjeve ut på ny av Rykodisc i 1995.
Framføringar Den første delen av settet var ei framføring av ein musikal som sidan fekk namnet Progress? med BBC Symphony Orchestra. Stykket vart berre framført denne eine gongen. Delar av denne framføringa vart tidlegare gjeve ut på Mystery Disc som følgde med den andre boksen av «The Old Masters» og Honker Home Video-utgåva av Uncle Meat. Mykje av humoren og historia forsvann på grunn av primitive teknikkar og fordi ein ser det som skjer på scenen. Zappa skreiv derfor ei omfattande forklaring i plateomslaget.
Resten av settet er ein rockekonsert av Mothers of Invention.
Innhald
Medverkande Frank Zappa - gitar, vokal Ian Underwood - altsaksofon, piano Bunk Gardner - tenorsaksofon, klarinett Roy Estrada - bassgitar, vokal Euclid James «Motorhead» Sherwood - barytonsaksofon, tamburin Don Preston - elektrisk piano, merkeleg støy Arthur Dyer Tripp III - trommer, perkusjon Jimmy Carl Black - trommer, vokal BBC Symphony Orchestra
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 25. august 2014.
Bakgrunnsstoff Tekstar og informasjon
Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1993 Kategori:Barking Pumpkin Records-album Kategori:The Mothers of Invention-album